ord over grind

 

Ord over grind

Du går fram til mi inste grind
og eg går òg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som galdt oss to.
Anten vi møttest titt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.

StĂĄr du der ikkje ein dag eg kjem
fell det meg lett ĂĄ snu
nĂĄr eg har stĂĄtt litt og sett mot huset
og tenkt pĂĄ at der bur du.

SĂĄ lenge eg veit du vil kome iblant
som no over knastrande grus
og smile glad nĂĄr du ser meg stĂĄ her,
skal eg ha ein heim i mitt hus.

 

Halldis Moren Vesaas

 

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver pĂĄ nett.

Siste innlegg