overtenke

 

 

 

Overtenke,
analysere,
konkludere
Ååååå eg blir så lei!
Kva var det egentlig vedkomande meinte…..
Kva var det med det blikket….
Ingenting å tenkje på, rett og slett
Mest sannsynleg ikkje noko i det heile tatt
Men, katastrofetankane står i kø og skubbar på
Var det noko eg ikkje fekk med meg
Noko med kroppsspråket…
Burde eg ha lest mellom linjene der, kanskje
Det var noko der…. men kva…
Åååååå tenkje tenkje tenkje
Blir kvalm av all tenkinga
Ok – eg lar det gå
Mest sannsynleg var det ikkje noko
Ikkje sant?

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
8. mars 2026

 

 

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

10 kommentarer

Siste innlegg