Du bærer det inne i deg. Du vil ha det for deg sjølv. Tenk om nokon fant det ut. At du ikkje strekker til.
Men demninga brast. Eg såg det i augene dine, og du ga deg over. Du letta ditt hjarte. Nakent og sårt.
Ingen er feilfrie og ingen er verdensmeistera. Ingen har rett til å døme. Vi gjer alle feil og de kan rettast opp. Men vi må ta det vonde første steget ut, for å kome vidare.
Demninga brast og eit hjarte er letta. Tårene som fløymde over, har rensa det indre og gjort det lysare. Eit skritt er tatt og det neste er i emning. Ein vegg er riven ned og demninga mykje mindre.
Forteljinga om kjerringa som kunne gjere seg lita som ei teskje.
Kom på det her då eg tenkte om eg hadde vore lita som denne teskje kjerringa. Om eg kunne gjort meg så lita og usynleg nesten, så ingen korkje såg eller høyrde meg
Korleis hadde det vore
Ikkje så bra mest truleg
Når ein tenkjer på alle dyr som blir større og kan true ei lita teskje-kjerring på si ferd
Når mannen i huset ikke får sove fordi du snorker… Har du opplevd det? Jeg kan ikke forstå det!!! Jeg snorker da aldri – og om jeg gjorde det, ja, så var det av det milde slaget i allefall. Ikke slikt som holder folket våken 😴 Hmmm må ha med slitenheten å gjøre… eller tablettene som slår meg helt ut? NOE må det da være som ikke er normalt hihihi fordi dette kan ikke stemme vel? At jeg holder huset våkent med snorking?! Nei vet du hva….
Skulle ikke staten hjulpet SAS mon tro? Få de på bena og få trafikken i god flyt igjen? Det er mye annet som får hjelp – hvorfor ikke også SAS
Du møter blikket. Det er kaldt som is. Du ser hat og hån i augene. Du krympar deg. Kven fortjenar vel slike auge på seg?
Om blikk kunne drepe, ja då hadde du ligget der no, tenkjer du. For det er ikkje noka glede i desse augene. Iskalde og fulle av sinne. Du kjenner dei i ryggen, og får frysningar.
Nokon har det slik. Dei viser det vonde i seg gjennom augene. Dei trur det, at dei viser deg styrke. Men det kan da ikkje være styrke bak slike auge.
Augene fortel om sårheit og av sinne. Brennande hat og ondskap. Nei, kanskje mest av såra stoltheit.
Augene speglar det indre i deg. Du tenkjer; om du møter dette blikket med same mynt, får du hevda deg då? Nei. Du smiler så vidt, med augene og munnen, og går ein annan veg.