JULEKALENDER
Eg forstod liksom ikkje samanhengen med julekalender og advent.
Men at det var spanande og at det var som ei nedtelling der du fekk noko i luka kvar dag, det var sjølvsagt kjempegreier.
Og vi samanligna.
Hadde eg sjokoladekalender?
Kvifor har du det?
Har du ikkje slik med figurar i?
Og slik samanligna vi.
Eg elska dei kalendarane som hadde desse små plastfigurane i lukene.
Eg måtte dele kalender med mine tre eldre brødre, så det å vente på tur, ja det var ikkje alltid like morosamt.
Av og til såg lukene mistenkelig åpna ut før vi åpna dei.
Hadde nokon vore der og smugkika?
Bytta innhold?
Nei, ingen hadde nokon gong det, sjølv kor åpna lukene til tider såg ut.
Kalender var viktig.
Heilt opp i ten-åra var det viktig.
Heilt til den dagen eg kjøpte julekalender og skulle ha på rommet, men åpna alle lukene same dagen og åt all sjokoladen som var i.
Ingen vits å pine seg med ein liten bit kvar dag i 24 dagar vel?
Så det var spanande til eg vart “vaksen” det der med kalender.
No har både vaksne og barn julekalender.
Men det er ikkje ein liten sjokoladebit som ligg bak luka lenger.
Og heller ikkje bitte små plastfigurar.
Eller forresten, så er det mykje av det også i dag, men mest av alt er det dyre ting som puttes i pakker og lages til julekalender.
Og alle får kvar sin luke, kvar dag.
Eg gjorde det for mine barn.
Eg pakka inn 48 pakkar.
Fra legoklossar til pologensara, og godteri og andre leiker og cd.
Og gleda var stor i mange år.
Det blir dyrt, og dyrare til større barna blir, og fokusen blei totalt feil.
Så da slutta eg med 48 pakka og gjekk over til 24 luker med mindre ting i.
Etter kvart strekker hverken fantasi eller penger til.
Men julekalender vil de ha.
Det er ei koselig tid, denne ventetida fram til juleafta.
Kanskje skulle fokus vore annerledes.
Men media har store krefter og reklamene om tida som er i vente, suser rundt oss.
Så mykje fristande.
Kjøpepresset tar innersvingen på nokon og ein kvar i desse tider.
Vi får prøve å gjøre det beste ut av denne ventetida.
Kanskje er det enklaste ofte det beste?
God førjulstid der ute!
mettekvalsvik
#innersvingen #minedikt #etdiktomdagen #tankevekker #kjøpepress #adventstida #ventetida #julekalender #kalender































































