Â
TRĂ… VARSAMT
Du er så klar over det sjølv.
Du treng ikkje andre til ĂĄ pĂĄpeike det,
Du er sĂĄ inderleg klar over det.
Dine feil.
Du prøvar trå varsamt.
Men kvar hen du trĂĄr, mĂĄ du passe deg.
Augene og øyrene står parate.
TrĂĄ varsamt.
Jau, trĂĄ varsamt, men ikkje utslett deg.
Om du trår litt feil, lærer du av det
Dei som sit pĂĄ gjerdet og ventar pĂĄ dine feil,
kanske burde dei trå litt varsamt sjølve?
Du er berre eit menneske og ingen er feilfrie.
Det er berre det at dei som sit pĂĄ gjerdet, klare til angrep,
dei sit med ei makt for ĂĄ trykkje deg ned.
Kven er det eigentleg då som bør trå varsamt?
Kven er det eigentleg som er feilfrie?
Du trĂĄr varsamt i hĂĄp om at ingen legg merke til din eksistens.
Då er dei vel fornøgde, dei som sit på gjerdet.
Â
mettekvalsvik
16. september 2016
Â
Â
#minedikt #repostminedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord




Hmmm…..❤️