repost minedikt – vindauget..

 

 

Eg går forbi, ja nesten kvar ein dag.

Eg kikar opp, og ser om du er der.

Stundom klaffar det, og vi vinkar til kvarandre.

Då kjenner eg gleda over kontakta vi har.

Kontakt gjennom vindauget, med smilet og handa som vinkar.

Andre gongar er det ikkje liv i vindauget.

Då tenkjer eg dei nok ikkje er heime.

Men saknar vibreringa i gardina og smilet og handa.

Det er ikkje meir som skal til.

Eit smil og eit vink.

 

mette j kvalsvik
mars 2013
(repost)

 

 

#repostminedikt #etdiktomdagen

8 kommentarer

Siste innlegg