ro ned

du må roe ned litt
roe ned
korleis klare det
roe ned
ikkje gjere nåke
slappe av
du gjer det; slappar av
tidvis
roar du også ned
det er ikkje normalt å ikkje gjere noko
stire ut i lufta
ikkje gjere noko – ikkje tenkje på noko
roe ned
gjere ingenting
korleis få det til
det gir ikkje meining

lat att augene og pust
ro ned
slik ja
koble frå og gi slepp
puste med magen
pust inn og ut
pust ut og inn
djupe andredrag heilt ned i magen
du roar ned
og gir slepp
då er du klar for nye tak

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
juni 2026

 

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg