røykfri…

 

Eg har klart det
Så lenge har eg klart det;
heile ti år
Utan ein einaste røyk
Ikkje ein sprekk
Ikkje eit puff

 

Og eg er så stolt
At eg den fyrste januar i 2013 skulle ta det valget, igjen
Og klare det!
Men ein må ha trua og være målbevisst
Og lage ein plan
Ikkje minst lage ein plan

 

Og det var IKKJE noko nyttårsforsett…. for dei har eg aldri klart
Dette var tilfeldig, at det skulle skje akkurat den dato
Planlagt frå ut på hausten av – målet var satt
Fyrste januar 2013
Og no passert fyrste januar 2023
Eg er røykfri!

 

Det er så herlig!
Og det er så rart, at eg har røykt
Den gifta eg stappa i meg…
Tøff skulle eg være – i mi ungdomstid
Og det skar seg totalt det, då eg forstod eg var avhengig
Og den avhengigheita er knallhard
Etter alle desse åra, så klarte eg å ta fienden ved rota
Røska den opp og kasta den langt vekk
Eg er røykfri og takk og lov for det!

 

Den sigaretten som tok så mykje av tida
Den var til både glede og sorg og frustrasjon
Måtte ha, berre måtte ha
Det kosta mykje og stinka værre
Og ikkje eit drag eller puff kan eg ta, då er det gjort..
Nei takk!
Eg er røykfri!

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
03.01.2023

 

 


#minedikt #egerrøykfri #tankerblirtilord #etdiktomdagen

18 kommentarer

Siste innlegg