Desse rutinene
Låst fast
Det er noko med det
Å ha desse rutinene dag ut og dag inn
Kva skulle ein gjort då, om ein ikkje hadde desse rutinene
Det hadde no ikkje gått det
Ein må ha noko å “gå til”
Vite kva dagen bringer
Lage avtalar og legge planar
Planar
Kva ligg for dagen i dag
Ingenting
Ja då er ein fri til det meste då
Men rutina då
Kvar er den
Jau, den er i alt det automatiske
Berre dei ikkje blir “for” innbitte, desse rutinene
Kan ikkje gjere det før det andre, for då verte det feil
Men det kan skje, at det verte feil….
Og då må det gjerast om
Rutiner
Kjekke å ha eller berre til besvær
Ein kan undrast
Men avhengige av dei, det kan ein fort verte
Slik som morgon-rutina
Kven har ikkje det?
Eller oppvaskmaskina?
Ja eg berre nevner det….
Og det er då ein rotar seg bort i system
Det tek vi ein annan gong
Rutiner er kjekke å ha
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
18. januar 2024
#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen
For meg er rutiner kjempeviktig! Jeg er ikke en sånn person som bare kan la humla suse alltid………! Godt at vi kan være forskjellige – jeg trives med rutiner! Klem
Ja jeg er også avhengig av rutiner – om ikke blir det bare rot
klems