rutiner

 

 

Rutiner er godt å ha
Når ein ikkje kjem seg på jobb
Så jobbar ein heime
Foran datamaskina eller med andre ting
Trening er jobb – kome seg over dørstokken er jobb…
Det er nok å ta seg til med sjølv om ein “berre” er heime…

Det er ein jobb i seg sjølv å kome seg opp om morgonen
Det er ein jobb til tider å prøve være sosial
Det er ein jobb å klare seg igjennom dagen
Det er ein jobb, og den er ganske slitsam til tider
Og av og til undras ein på om ein kjem seg igjennom den eine dagen
Og er superglad når ein kan leggje hode ned på puta og lukke augene

Så vaknar ein opp neste dag etter entan ei god eller dårleg natt
Slik er det med den saka
Også startar alt på nytt
Rutiner
Rutiner er så viktig å få inn i kvardagen
Det er redninga
Vite kva ein skal gjere – og i kva ende ein skal byrje
Rutiner – takk og lov for dei

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

#rutiner #minedikt #etdiktomdagen

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg