Â
Â
det var meint annaleis, men tolka dit hen
og den som tolka, hadde si fortid og notid
forstĂĄelsen av orda som var nedskrevne var tolka ut frĂĄ eigen stĂĄstad
det som var meint, kom frĂĄ hjarte
det som vart tolka, kom frĂĄ eit anna hjarte
hjarte og sinn, tankar og følelsar
samanskrudde sĂĄ forskjellige
opplevelsane sĂĄ mange
det som var meint ut frĂĄ hjarte
vart motteke sĂĄ heilt forskjellig
forstĂĄelsen, tydinga og analyseringa var overraskande
endĂĄtil du fekk ei ny forstĂĄing ut frĂĄ orda som var meint annsleis
slik er vi
sĂĄ forskjellige pĂĄ godt og vondt
erfaringar delast og tolkast ut frĂĄ eige stĂĄsted
kan misforstĂĄast i andre sine auge
eller misforstĂĄast i eigne auge
det er opp til kvar
du har lagt det ĂĄpe
Â
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
16. mars 2026
Â
Â
#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt



