nakenheit i
andletet
maska har falt
augene er tome
eller djupe som brønnar
svarte
og
tome
og
sårbare
sorga kan ikkje skjulast
det er slik av og til
godt det ikkje er ofte
berre av og til
så kjem tomheita
sigande
gråten tek over
til det ikkje er meir tårer
andletet talar sitt eige språk
og augene
ein klem kan gi tryggheit
og hjelpe
trøste
ord og handlingar
gode tankar
bry seg
og sorga blir litt
lettare å bære
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt
4 kommentarer
🥰🥰🥰 Vakkert og rørende skrevet ❤❤❤
Ønsker deg en superfin torsdag ❤😊
Purr, purr, og klem fra Toril og kattene
Tusen takk 🙂
Nydelig <3
<3