skjer det no…

 

Når du les noko
så er det ikkje alltid at det er slik det er, ja slik bokstavelig tale
Det du les, kan være noko som gjeld fortid eller framtid
Det er ikkje alltid at det du les er det som er her og no
Noko har skjedd, skjedde eller kjem til å skje
Og du les det og tenkjer at det er NO det gjeld
Det er ikkje noko gale i det
Kanskje skjer det no?
Det er no det gjeld?
Ein må tru på det ein vil og tolke det slik ein vil
– det er det greidaste det

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
27.07.22

 

 

#tankerblirtilord #kanskjeskjerdetno #etdiktomdagen #minedikt

12 kommentarer

Siste innlegg