Eg kjenner vinden i andletet
Stryk lett over kinnet der eg sit og ser ut over åpe hav
Eit lett svøp som minnar om ein draum eg hadde –
eller at eg låg vaken i søvnen og ikkje kunne røre ein muskel
Det var det som slo meg der og da – det minnet om den søvnen som var så tung
og stryket over andletet eg ikkje klarte vakne til
Kven strauk meg over andletet?
Det er slike tankar som kjem når ein sit slik og skuar ut over havet –
ut i evigheita og forbi
Eg kjenner vinden tek tak
Røskar i heile skrotten og eg må halde meg fast
Vinden som stryk så lett og tek latteren med seg over dei sju hav
Som også kan rive og slite så ein nesten må legge seg ned på bakken
for å ikkje følge med i vindkasta –
slik det gjorde ein gong på ein fjelltur eg minnast –
for lenge sidan
Eg kjenner vinden og eg høyrer den,
og tenkjer av og til at det er ein song som kjem sigande
Heilt til det ikkje er ein song lenger,
men eit kraftig brøl, nett som frå ei sint løve eller ein svolten tiger…
ja det er slik ein kan tenkje når ein står i det,
og orkanane herjar ute –
for dei gjer det, og har gjort det –
og øydelagt mykje på sin veg
Eg kjenner ein bris som kilar i andletet
Tærne duppar så vidt i sjøen der eg sit og skuar utover – så langt eg kan sjå
Så skvulpar det over og eg er våt over meir enn dei duppa tærne
Det er slikt vinden kan gjere når den kjedar seg, og vil ha litt moro –
då tek den i eit tak og lagar bølger på havet, som kvulpar over når dei kjem mot land
Og det er då det slår meg at alt er så uforutsigbart
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
november 2022
#tankerblirtilord #egkjennervinden #minedikt #etdiktomdagen



Ja, alt er uforutsigbart. Eller mye i alle fall. Og det er DA jeg kommer på hvor mange av de små problemene man baler med i hverdagen er AKKURAT det: SMÅ altså. Folk dør, blir SKIKKELIG dårlige av ulike grunner… og så går man rundt og surrer med sine mikroproblemer og lar de få alt for mye plass 🙁 Nydelige bilder og dikt <3
Tusen takk!
Ja det er da det slår en, hvor skjørt livet er…. <3
Vakkert og rørende🥰
Tusen takk 🙂
Så fine undringer……. Klemsiklem:)
Takker <3