slukke lyset..

 

 

Av og til må ein berre lukke augene bittelitt
Gje slepp på tida og slukke lyset nåkre sekund
Tunge augelok og kampen å kome tilbake blir som eit ork
Nesten som å gje opp kampen og berre slukke lyset, fred
Men sakte men sikkert tek du inn romet og tida og sekunda er enda ein gong aktive
Du er aktiv og augeloka er ikkje lenger tunge
Lyset har tatt over sjølv om kroppen er tung som bly
Ny energi synker innover og tida går sakte men sikkert vidare
Dagen er enno ikkje over
Berre ei lita pause i tida

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

#tankerblirtilord #tida #etdiktomdagen

9 kommentarer

Siste innlegg