smil

 

 

 

eit godt og varmt smil
og du smiler tilbake
så tenkjer du med deg sjølv; har du slikt varmt smil
du må smile meir, varmare, breidare
ikkje irritere deg over ting, men smile
ikkje vise misnøye over noko du ikkje kan gjere noko med
trekke på skuldrane med eit smil, og seie; dei har det no så kjekt
være ein slik “liketil”-person med eit godt og varmt smil
men du kjenner du ikkje klarar det, når støyen blir for stor
då kjem smilet meir som ei grimasje
du vil tydelig vise di misnøye
det er ikkje like fint som eit godt og varmt smil
men ærlig talt så kan du vel ikkje smile deg igjennom alt heller
eller kan du det
eit godt og varmt smil
det er det beste
og om du tek deg i det, og tenkjer; ikkje vis så tydelig di misnøye no
ta heller fram latteren og trekk på skuldrane, om det passar seg slik
du kjem langt og lenger, med eit lite eller stort smil på lager

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
24. oktober 2025

 

 

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

14 kommentarer

Siste innlegg