sorg

 

 

Eg bærer ei sorg i meg, for alt eg ikkje har fått til
Eg bærer ei sorg i meg, for alt som gikk galt
Eg bærer ei sorg i meg, for alt eg gjorde feil
Eg bærer ei sorg i meg, for alle mine valg som gikk galt
Eg bærer ei sorg i meg, for alt som er tapt
Eg bærer ei sorg i meg, for alt det gale eg har gjort
Eg bærer ei sorg, og den eter meg opp innvendig

Eg bærer ei smerte, som ingen ser
Eg bærer ei smerte, for dårlig samvet
Eg bærer ei smerte, for alt som ikkje gikk vegen
Eg bærer ei smerte, livet vart ikkje som tenkt
Eg bærer ei smerte, som kjem og fer
Eg bærer ei smerte, den forsvinn aldri heilt

Eg bærer eit håp, om at alt skal bli bra
Eg bærer på tonkar, det blir bra til slutt
Eg bærer på samvet, det er mykje dårlig
Eg bærer på trua, eg går styrka ut
Eg bærer på gleda, for livet i seg sjølv
Eg bærer på kjærleiken, til menneske og natur
Eg bærer på tonken, om det gode

SĂĄ kjem sorga igjen, og tek plass
Eg tenkjer meg ned, eg er ikkje noko bra menneske
Alt det gale eg har gjort her i livet
Alle valga som er tatt, og vorte feil og fatale
Klarar eg å bære dei heilt til målstreken
Klarar eg å bære dei over mål og gi slepp
Sorga biter seg fast i eit hjørne, og eg faller litt i hop

Alt i alt, det eg bærer på, det blir ikkje med meg, gjer det vel det?
All den sorga, smerta og fortvilelsen, den ligg igjen, like før mål
Då står det tilbake; tru – håp – og kjærleik
Eg gjorde mitt beste, i alle mine valg
Eg gjorde det meste, i den beste trua
Og eg veit at ikkje alt har vore sĂĄ galt
Eg veit at mykje har vore av det gode

Så får det være, eg har sorg, smerte og samvet, for så mykje gjennom dette lange livet
Men kven har ikkje det, om eg tør spørje
Sorg, smerte og samvet er noko av det mest vanlege, i eit menneske sitt sinn
Så kjem gleda og all kjærleik som ein bonus opp på alt
Det er det ĂĄ halde oppe trua, og det ĂĄ hĂĄpe det gĂĄr vegen
Eg er berre eit menneske med alle disse redskapane, og det å finne nøkkelen til dei rette låsar, er ein kunst i seg sjølv
Eg bærer ei sorg, ei smerte og eit håp

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
2. mars 2026

 

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

5 kommentarer

Siste innlegg