spikerhola…

 

 

Spikar i lomma
Brusflaske under gensaren
Opp til steingarden bak huset
Site i skjul sĂĄ ingen ser
Høyrer mor ropar noko
Har ikkje tid å svare…
Skal stikke hol i korken og nyte den ulovlige brusa
Hadde ikkje lov – men det var no det som var spanande – alt som ikkje var lov
Den søte grøne pærebrusa eller raud eller oransje
Eit eller fleire spikerhol
Bærre bruke ein stein å kakke spikaren gjennom
Der kjem dunsten av god brus
Drikke frå flaska – kjenne kor kålsyra pressa seg gjennom spikerhola i korken
SĂĄ var den tom..
Kva skulle eg gjere med flaska
Smugle den inn og setje den pĂĄ plass i bruskassa
Kven har teke brus?
Det er vel berre spikerhola som veit…

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

5 kommentarer

Siste innlegg