STERK

 

FRODITHS LILLE JANUAR-MORO

 

Dag 20 = Sterk

Kva er det å være sterk, då, tenkte ho, der ho stod midt i vinden
Er det kroppslig med musklar,
eller indre styrke
Vilje, sterk som stål – og tonkane raste i sterk kaos
Nei, du er ikkje så sterk du, tålar mesta ingenting, stakar
Og vinden blåste og blåste
Dei sa det var sterk storm
og det var so pass at taket for av huset bort i nabogarden
Akkurat det var ein sterk beskjed å motta,
at hustaket var rive av
Du skal være sterk no, for dette er reine alvoret
Han la ei sterk arm rundt livet hennar, og ho følte seg brått trygg
Sjølv om taket på huset var flogen vekk
Så sterk vind hadde det ikkje vore i hennar livstid
Sterk, tenkte ho enno ein gong
Er eg det
I neste vindkast for dei båe to, over ende,
og berre sterk vilje skulle klare å halde dei nede
No er det berre trua som står igjen
Å være sterk i trua, ropa ho til mannen, det er einaste håpet no
Han høyrde ikkje, men med sterk kropp klarte han å hemse dei to inn i næraste huset
Phu sterk storm skal ein ikkje kimse av

Det vart innlegget i dag – og bidrag til dagens tema = sterk

10 kommentarer

Siste innlegg