stille

 

Kva skal ein seie,
ord blir fattige
Eller, ein har lyst å brøle ut
men ser ikkje poenget med det, og tier
Så det blir stille
Stille tenking og stille indre kamp
Stille kværning av tankar
Kva ein seier eller ikkje, spelar inga rolle
Eller, jau, det er viktig
Men orda kjem ikkje som dei skal
Makta er frafallen
Orda er fattige
Handling er nøkkelen
Om ein gjer det rette

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

4 kommentarer

Siste innlegg