svelte

 

Når du analyserar,
etter at vekta ikkje er på di side
Jammen….. du har no ikkje ete verken det eller det
åja… den potetgullen…..
åååå åja teller det også… det var ein sjokolade der,
og den isen..
Du står på,
og fattar ingenting
Er det noko feil med vekta skal tru
Er det noko feil med plassen den er plassert
Eller… er det alderen
Kva i alle dagar
Kan det rett og slett være det, alder
Men nei,
det må då gå an å forandre på dei tala som ikkje forandrar seg,
eller går feil veg
Og jau…
du trudde du gjorde nok
Og kanskje er det nok, også står det igjen å akseptere
Eller svelte

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
mars 2024

 

 


#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

4 kommentarer

Siste innlegg