tÄkeheimen

 

 

nÄr orda glepp pÄ tungespissen
best Ă„ skrive dei ned mens dei enno sit fast
nÄr du er midt i ei setning og ikkje kjem pÄ ordet som kjem neste
det stÄr heilt stilt
det enkle ordet som beskriv det du held pÄ Ä fortelje
ogsÄ kjem du ikkje pÄ det
du ser ut som eit spÞrsmÄlstegn bÄde du og mottakar
tegnsprĂ„k kan du no ikkje – men fekting pĂ„ hĂžgt nivĂ„ og ei sakte haling mot land
men der pÄ land finn du ikkje det du er ute etter
det ligg ingenting i enden pÄ tauet
ordet er og blir vekk
du stÄr i stampe
hopp bukk over og sikt deg inn pÄ noko lignande
og der, der kom det
midt i noko anna
der kom ordet du mista pÄ tungespissen
det kravla seg opp frÄ haka
hengande i ein tynn trÄ
det var det du ville seie
akkurat det ordet
og tenk at det gÄr an Ä bli sÄ letta og lykkelig
og mens samtalen er i gong
ja kva anna enn skjer det igjen
ord manglar rett og slett
du leitar og forklarar
og ja, du veit
ikkje sant
ja du forstÄr
slik og sÄnn
finn liknande beskrivelsar og kjem i havn pÄ ein noko stortrande mÄte
i alle dagar kva er det som skjer
Ä famle i tÄkeheimen
tÄkeheimen tÄkeheimen er du der
over

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
august 2024

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    UnngÄ personangrep og sjikane og prÞv Ä holde en hyggelig tone selv om du skulle vÊre uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver pÄ nett.

Siste innlegg