tankane vandrar

 

Av og til er ingenting som forventa
Eller, det meste er, også skjer noko som kjem som eit sjokk
Slik er det å miste nokon, utan forvarsel

Så går dagen – nye har komt til verda – små vakre vesen som det er heilt utrulig at vi har skapt
Nokon kjem og nokon fer
Nokon kan ein seie hade til – nokon seier ein velkomen til og nokon…. ja nokon rekk ein ikkje fatt i, før det er for seint

Tankane vandrar av og til ❤️

Fiskesuppa er kjempegod sjølv om det meste er Toro si fortjeneste…. fiskerestar frå gårsdagen gjer litt susen på ein ekstra måte
Serviettar inn i ventetida, lilla og vinterlige
Ikkje gløyme å pynte opp litt i kvardagen, sjølv om ein dett mellom to stolar av og til
Det å gjere det lisje ekstra, piffar opp, om ein orkar

Vinteren kom på besøk også
Den blir vel til i morgon

Ingen gevinst enno… men kven veit….
Hadde vi ikkje kjøpt denne, hadde vi ikkje hatt muligheita
Og uansett støttar ein ei god sak ved å kjøpe 🙂

Det er nesten som eit tankespinn…. der tilfeldigheitene rår
Kven vil vel miste nokon – og på denne tida av året… ikkje i desember – og heller ikkje noko anna tid på året
Men så skjer det allikevel
Nokon fer og nokon kjem

 

Stå deg vel inn i desemberkvelden

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg