tiggar

 

Kven bestemmer verdien av eit liv
Eg eller du
Kva er verdien
Når du fyrst skal velge, så spelar det vel inga rolle
Verdien…
Eit liv er verdt meir enn noko anna
Eller skal ein snu ryggen til
Det er ikkje så farleg
Ikkje så mykje verde
Det spørs
Eller

Kunne du snu ryggen til
Eller, vi gjer det kvar einaste dag…
Vi kan ikkje redde alle
Vi klarar det ikkje, uansett kor mykje pengar vi brukar
Det sit nokon på gata som treng hjelp, men vi går forbi
Har ikkje noko med oss å gjere
Tiggar
Men det kunne vore ein av våre – meg eller deg…
Det kunne…

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

8 kommentarer

Siste innlegg