toppen er der…

 

Når ein kjenner at ein byrjar fungere
Det strøymer over av engasjement og pågangsmot
Ei god periode!
Også blir ein overivrig og overdriv hakket meir enn ein burde
Berre fordi ein kjenner seg på topp
Og ting fungerar så mykje betre

 

Det er slik – at ein blir overivrig
Også kjenner ein på det – at ein rett og slett HAR vore overivrig
Og kanskje får ein liten nedtur?
Fordi ein vil så mykje meir
Klar for alt mogleg og må bremse akkurat her
Her i svingen då det var på det høgaste giret
Akkurat her i svingen må det slakkast ned

 

Roe ned
Ein kunst i seg sjølv
Kjenne på at no må ein vere forsiktig
Passe på og ikkje øydeleggje det som er bygd opp
Bremse i tide
Spare på engasjementet og dele det ut i porsjonar
Det er det som er kunsten disse dagar
Spare – fordele og lytte

 

Akseptere at det stoppar opp
Du kan gå dit men ikkje lenger
Svelge unna ynskje om litt til og litt til
Og ta vare på akkurat det ein klarar her og no
Det er det som gjelder
Så veit ein aldri kva framtidige meistringar kan verte
Om ein tar vare på her og no – og ikkje brenner opp kruttet ved fyrste moglegheit

 

Stoppe i tide seier dei
Og det er akkurat det som er nøkkelen her
Lytte til kroppen, stoppe opp, roe ned og kvile
Akkurat når ein føler ein er på veg tilbake
Når ting ser ut til å fungere som før…
Ikkje brenn det opp i all iveren
Men ta vare på det og køyr sakte opp bakken
Toppen er der

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
30.08.22

 

 

 

#toppenerder #minedikt #tankerblirtilord #etdiktomdagen #fibromyalgi #revmatisme #usynligsyk

4 kommentarer
    1. Skjønner det med å ikke bruke seg opp, men skjønner også det med å faktisk ta dagen som den er. Hvis man føler seg bra, så er det jo lett og koselig på et vis å nyte det når det faktisk er der, uten å bremse og tenke at man kanskje brenner for mye. Sikkert ikke lett. Er glad jeg kan nyte dagen i dag, uten å tenke på om jeg kanskje blir dårlig av det 😮

      1. Ikke sant…. det er noe med det som ligger som en varselklokke bak i hodet og sier: nå må du ta det med ro, husk det er en dag i morgen også… Det er godt når man slipper tenke på akkurat det 😀 klem

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg