tre vers til mor

 

 

Ă… vere i livet

TRE VERS TIL MOR

Dette: Ă… vere i livet,
open for alt ikring,
bunden med sterke røter
til menneske og til ting,
gi bĂĄde hjarte og hender
i omsorg som aldri svik,
var det som gav meining til ferda di
og lét deg få kjenne deg rik.

Og den som er rik vil ha seg
eit hus som er sĂĄleis bygt
at alle som høyrer til huset
kjenner det godt og trygt,
og sĂĄleis at framande gjerne
kjem innom dørene der
og aukar den rikdom som finst der før
med alt det dei sjølve er.

Fattig var du om aldri
i livet du kjenne fekk
at mellom deg og dei andre
levande straumar gjekk
av tillit og varme som styrkte
kvart band som til livet deg batt,
og lar deg fĂĄ kjenne, nĂĄr alt blir gjort opp,
at meir enn du gav, fekk du att.

 

Halldis Moren Vesaas

 

4 kommentarer

Siste innlegg