tungt…

 

 

Dei dagane då alt er eit slit
Dei dagane kjem slik av og til
og veldig ofte utan at du er forberedt
Brått så tungt
Vil eigentleg berre ligge på sofaen men kroppen skrik etter bevegelse
Du maktar ikkje
Lukke augene og berre ligge stille
Det er slitsomt når det er så tungt
Heile apparatet må mobiliserast
Du klarar det, du klarar det

 

Endå ein  gong
Haude opp og føtene ned
Lyfte blikket og sjå langt fram
I allefall langt nok fram til å kome opp
Ta på skona og kome ut
Trekke eit djupt andedrag og gå på
Det er søren meg ikkje lett
Det er ein kamp som eg veit du er drit lei av
Vil kaste inn handkleet og sette føtene i kors

 

Orkar ikkje
Kva er vitsen?!
Men det er ikkje tema lenge nok til at det tek overhand
Du klarar det endå ein gong
Snu-operasjonen mot det positive
Slitet som gir gevinst der framme
Endå ein gong

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
01.11.2022

 

 

#endåeingong #tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

12 kommentarer

Siste innlegg