tvera…

 

 

 

Kjem det nedturar din veg?
Nedtur….
Pang i fleisen og alt går på tvera
Dagen blir alt anna enn det den var tenkt
Alt blir berre bal…

Ytringar fell ikkje i god jord og stemninga dabbar
Det som var meint positivt blir alt anna
Nedtur enten fysisk eller psykisk
Ahh kvifor slike nedturar – kvifor slike dagar?
Det du trudde du hadde kontroll over, mista du akkurat grepet på
Dei kjem, når du minst ventar det, turane…

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
27.12.2022

 

 

#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

7 kommentarer

Siste innlegg