utsikta..

 

Velkomen skal du være; februar er her !
– og den longe og mørke januarmånaden er historie
Ein ny månad
nye moglegheiter og mål og meiningar
Men utsikta er ikkje den beste
eller er den det?
Berre at du ikkje ser den no
gjennom snøkava som pakkar inn morgonen

 

Februaren er her
og januar vart brått ferdig
Mykje spanande i vente
Februar, snøkave og vinteren gir ikkje land
Heller ikkje vinden
Og kva skal ein tenkje om alt dette
Alt dette?
Det er da for søren vinter!

 

Berre litt mykje vèr
Overgongen til ein ny vintermånad
Ikkje tenkje negativt
Det lysnar der ute
og snøven smeltar no etter kvart
For det gjer den – ikkje sant?

 

Kva har vi eigentleg å klage over?
Litt snøv her og der…
Vi verte ikkje innesnøva og ikkje frys me i hel..
Straumprisen er ikkje for galen på disse kantar
Ikkje foreløpig…
Men,
kunsten er å ikkje tenkje negativt..
Det går over har me erfart mong ein gong!
Det går over…

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

#detgårover #tankerblirtilord #februar #januarerhistorie #minedikt #etdiktomdagen #snøv #endeleg #målogmeiningar

21 kommentarer

Siste innlegg