valg

 

 

Det er så enkelt
Berre snu ryggen til og gå
Ikkje sjå deg tilbake
Men uansett fylgjer tonkane med
Du klarar ikkje legge dei frå deg der du snudde
Og kor enkelt det er, er ei anna sak

Det fyrste steget må takast, og kanskje det vanskeligaste
Eller er det enkelt
Orkar ikkje meir
Orkar ikkje løyse floka
Snur ryggen til og går, den enklaste men mest såre løysinga kanskje
Nokon blir alltid sitjande att
Og ikkje alltid med forståelse for kva som faktisk har skjedd

Å snu ryggen til, utan å ha teke samtalen, det er det berre du som står for
Det kan være den viktigaste avgjersla i ditt liv, eller ganske så fatal
Av og til åleine og andre tider med god hjelp
Det er så enkelt eller så vanskeleg
Men du må ta valget

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
mars 2024

 

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

6 kommentarer

Siste innlegg