verdifull

 

 

“du er verdifull”
du har høyrt det så mange ganger
du er det, verdifull
men pĂĄ kva slags mĂĄte
når du føler du bukker under
og ikkje klarer deg sjølv på nokon måte
føler deg verdilaus
rett og slett usynleg
kven bryr seg her i verda
kven bryr seg om deg
eit skritt hit og eit skritt dit
du vinglar
ingen ser og ingen legger merke til
usynleg
og du leser dei store bokstavane
DU ER VERDIFULL
kven er du verdifull for
ingen ser deg

ei tĂĄre renn langs linjene i andletet
og du tørkar den med ei slita hand
svart strime strekker seg over andletet
men du ser det ikkje
du er ikkje verdifull, ikkje for nokon
gråten tek deg og du synker saman i hjørnet
“hei, går det bra med deg”
nokon snakkar til deg
du ser opp med sløret blikk og får ikkje fram eit ord
vil du ha ein kopp kaffe
ei hand kjem til hjelp og du strekkjer deg oppover
ei godheit kom din veg og gav deg ei varm drikke
noko ĂĄ bite i ogsĂĄ
du sit rett framfor plakaten med dei store orda
“du er verdifull”
og ei lita stund stĂĄr tida stille
du føler deg verkeleg verdifull

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
11. oktober 2025

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

 

9 kommentarer

Siste innlegg