GOD MORGEN NORGE!
Joda, oppe og hoppar,
nyter frukost og lytter til God morgen Norge.
Men kroppen vil liksom ikkje være med..
Forma er liksom heilt “ræva”..
Har nettopp gitt beskjed om at eg ikkje kjem i konfirmasjon om ei vekes tid.
Kroppen min er ikkje samarbeidsvillig.
Trur eg har pressa på for lenge no, og kroppen vil ikkje være med.
Eg trur alltid at eg veit kor den gylne grensa er – og det veit eg vel sånn ca..
Men eg har ein tendens til å gå hakket lenger enn det som er lurt.
Kjenner du deg igjen?
Iallefall har eg no kasta inn handkleet og bestemt meg for å være heime og innhente nye krefter og energi.
Kanskje bli bedre i skulder og nakke, sjølv om eg går og ventar på MR/røntgen for skulder/nakke.
Muligens prolaps som ligg og irriterar.
Det er ikkje morosamt å skulle ta ut på lengre reise med nakkeproblem og svimmelheit.
Og slitenheita ligg tjukt utanpå.
Då er det like greit å være heime…
Sjølv kor trist det er.
Eg hadde forberedt tale og alt.
Gleda meg til å sjå storesøs og familia.
Eg kallar henne storesøs – fordi eg føler vi er som søstre – sjølv om det ikkje finnes eit gen som seier at vi ER søsken
Det er kjekt å adoptere gode mennesker inn i familie.
Eg som “berre” har brødre – har adoptert heile TRE søstre – som alle er storesøstre for meg.
Eg er vel heldig eg!!
Ja så vart det ikkje østover akkurat no.
Men eg kjem til å ta turen så snart det lar seg gjere.
No må eg tenkje på helsa.
Eg vil helst reise – og legge til side/oversjå smerta…
Men, som sagt, ein lærar så lenge ein lever.
Og eg VEIT at eg også må tenkje på meg sjølv – og eg gjer no det også, sjølvsagt.
Men….
Det er ikkje enkelt å seie NEI.
Det er vel nesten det vanskeligaste det; å seie nei.
Forberedar meg til konfirmasjon i morgon.
Eg er fadder – bunaden er klar og eg er så klar som eg kan få blitt.
Blir eg sliten tar eg berre ferga heimover – det er greit det.
Med soloppgangen i dag – vakker som berre det.
Tenke positivt – ta dagen som den kjem – og ta det med ro.
Det er det eg ikkje er så flink til, å ta det med ro.
Men må det no framover; ta det med ro!
#minhelse #tadetmedro #fibromyalgi #smerte #helse #smertemestring