Du hoppar frÄ stein til stein. Minner kjem fram frÄ barneÄr. DÄ alt var stÞrre, og du hoppa frÄ stein til stein.
Mange hinder Ä kome over. Mange utfordringar Ä hanskast med. Men, pÄ ein anna mÄte.
Dei vart tatt pÄ nesten strak arm. Alt var sÄ lett og morosamt. à hoppe frÄ stein til stein, og mÞte dei utfordringar som mÄtte kome, med lett sinn.
Gleda av Ä boltre seg i naturen heile dagen. Du hoppar frÄ stein til stein og tenkjer tilbake. Her har du vore sÄ mange gongar fÞr.
Bada, leika og ingen sorger. Det er sÄ godt Ä hoppe frÄ stein til stein. Berre la tankane flyge slik.
Tenkje tilbake pÄ gode barneÄr. Du er no vaksen. Men du kan fortsatt hoppe frÄ stein til stein.
Det er godt Ä kjenne pÄ tryggheit og fred. Det vÊrste jaget har stilna. Du har fred med deg sjÞlv. Slik er det Ä vÊre midt i livet, tenkjer du.
Du er glad og fornÞgd. Har di gode helse, og, eller om du hanglar litt, ja sÄ har du det trygt allikevel. Dine rettigheter har du, ja systemet det gÄr rundt.
Du er midt i livet og resten ligg der framme. Du har det sÄ trygt og godt som nokon kan ha det. Du er midt i livet og alt ligger framom deg.
GÄ med stÞdige skritt, framover i livet. Minutt, timar, dagar, veker og Är. Om du vaklar litt, sÄ hald din kurs.
Framover og inn i framtida. Minutt for minutt. Du er midt i livet og har resten framom deg.
DRAUM NÄr du vÄkner og kjenner tÄrene renn nedover kinnet. Du sÄg din aller kjÊraste, skadd og mishandla. Og du visste du stod for tur.
Du vÄkner i rein fortvilelse, og hjelpelausheita tek deg. Ser blodet som renn nedetter andletet til din venn. Du vil kjempe i mot, men blir overmanna og du stilnar av.
TÄrene dine siler nedover kinna. Du ristar pÄ hodet og fÞler deg elendig. TÞrkar tÄrer av kinnet og tenkjer; det var sÄ verkeleg. Men heldigvis berre ein draum.
Du stÄr pÄ toppen. MÄlet er nÄdd. Du er oppe, og skuer utover.
Det er sÄ vakkert, og fÞlelsar strÞymar pÄ. Alt det vakre blir forsterka der du stÄr. Midt i naturen, hÞgt der oppe.
Du og naturen, og du fĂžler slik glede. Mestring og styrke, vilje og uthaldenheit. Gevinsten er lykken og lykken er gevinsten.
Du skuer utover, du er heldig, tenker du. Som fÄr oppleve dette naturen viser frem. Storhet, ja mektigt.
Man kan miste bÄde munn og mele av naturen, som Äpnar seg og viser deg sitt rike. Du skuer utover og fÞler slik takknemlighet. Er glad du tok turen og fÞler deg enda litt rikare.
Vi mÄ ta kvarandre som vi er. Du er deg og eg er meg. Og saman utgjer vi noko godt.
Ikkje dĂžm. Kvifor skal du det? DĂžme.
Er du sÄ mykje bedre enn meg og andre? Er det DU trur pÄ det rette? Eg lar deg vÊre deg og eg hÄpar du kan la meg vÊre meg.
Aksepter og ikkje dÞm. Om du dÞmer, ja dÄ held du deg ikkje til DI tru. For er det slik at DU kan stÄ over alle andre, og det er din rett Ä dÞme?
Nei, dÄ er du  nok ikkje noko bedre menneske enn andre. DU er ikkje noko bedre enn den som ikkje er feilfri. Kvifor er det din rett Ä sei at DET er godt.
Tolkningar. Eg trur pÄ det gode i kvart menneske. Eg trur pÄ ei heilheit av kjÊrleik, uansett legning.
Om du dÞmer og setter i bÄs, og meinar vi mÄ forandre oss. Kvifor? Vi er her pÄ jorda i tilmÄlt tid, alle og ein kvar. Snu ikkje ryggen, men gi kjÊrleik til medmennesket.
SÄ har det gÄtt eit Är sidan du for frÄ oss. Eit Är som har gÄtt uendeleg fort. Savn som kjem i bÞlger. Savn som gir frustrasjon og sinne.
Savn som gir tilbakeblikk pÄ alt det gode som var. Eit Är utan at du har vore tilstades. Eit Är Ä venne seg til  at du ikkje er her lenger. Eit Är har gÄtt, og savnet er like sterkt. Eit Är, pappa.