07.08.2017

Bruk energien din til noko anna
enn irritasjon på alt og alle,
som gjer feil.
Sjå i ditt nærmiljø,
din vennekrets
og di familie,
etter det gode og positive.
Ignorer bagatellar.
Dagen og livet
her og no,
er for viktig!

mettekvalsvik
14.03.17

 

 

 

 

#minedikt #ignorer #livetherogno #blogg #mandag #ord #dikt 

plassen


Du skulle ha vore
ein annan plass no.
Det var DU som skulle
vore der.
Men du er ikkje der,
og nokon annan
har teke
plassen.

 

 

mettekvalsvik
07.03.17

 

 

 

 

#minedikt #dikt #ord #tankar #blogg #mandag

 

i sanden

 

HÅP

 


Reisa var begynt.
Dei for med straumen, mot det ukjente.
Og trongt om plassen var det.
I vær og vind – skodde og dis.


Dei var mange.
Nokon kjent og nokon ukjent.
Familier.


 Nokon fall i frå.
Ikkje alle var like sterke.


Men dei kjempa livets kamp om friheit, og klamra seg fast.
Utan mat og utan drikke.
Ukjente blei kjente.
Og med ei sterke tru og eit brennande ønske om noko nytt.
Eit håp og ein draum.


Det vart rolig – og ei ny havn var i sikte.
Var ein draum blitt oppfylt?
Var dette det nye?


Du og eg klarte oss………..
Eit nytt band var knytt.


Men kva vil møte oss her i det framande.
Ferda var ikkje over enno.
Det var ikkje plass her.


Eit nytt land.


Ei ny vandring.


Enda ein gong mot det ukjente.


Over eit nytt hav.


Og endeleg, takk Gud – så var vi framme.
Nye utsikter – gode utsikter.
Eit håp og ein draum om å overleve.
Ei skrift i sanden som forandrast med flo og fjære.

 

 

 

mettekvalsvik 
28.07.17

 

 

 

#minedikt #dikt #ord #poesi #draum #sandformasjoner #bilderisand #fantasi #reise

nei

Du seier nei
til alt godt
for deg sjølv.

Berre andre har
det bra.

Eller er det
di redsle for
det gode?

Nei, 
for alt godt
er godt.

Men du 
unner deg 
det ikkje.

 

 

mettekvalsvik
07.03.17

 

 

 

 

#dikt #blogg #minedikt #detgode #mandag #tankar #ord #bilde

ser

 

 

 

VINDAUGET

Du ser ut.
Ut i dagen.
Ut i verden.

Tankane flyger slik måken
seglar over himmelen.
I eit kort augneblikk er du borte vekk.

Ein annan plass.
Eit kort augneblikk.
Så er du tilbake.

Du ser ut.
Ut i dagen.
Ut i verda.
Gjennom vindauget.

 

 

mettekvalsvik
22.02.17

 

 

 

#dikt #minedikt #vindauget #augneblikk #ord #blogg #torsdag

17.07.2017

 

STØRST AV ALT

Den kan ikkje skjulast,
kjærleiken.
Augene røpar deg.
Stemma di røpar deg.
Kroppsspråket røpar deg.

Den må ikkje skjulast,
kjærleiken.
Den som er størst av alt.

 

 

 

mettekvalsvik
14.02.17

 

 

 

 

 

 

#minedikt #dikt #ord #kjærleiken #mandag

 

blikket


 


Du sit ved vindauget
og let tankane fare.
Mange draumar
har nok vore innom,
akkurat i det
vindauget.
Der blikket kan flytte seg til uante høgder.

 

 

 

mettekvalsvik
04.02.17

 

 

 

 

 

#minedikt #dikt #uantehøgder #fredag #blogg #etdiktomdagen 

nedturane

 

 

 

OPP
OG
NED

Du veit at dei kjem, nedturane.
Det er slik.
Opp og ned og ned og opp.

Men du er like overraska kvar ein gong du sig ned.
For det er så innmari tungt.
Det å falle ned i oppgittheita og motløysa, er vondt.

Der tankane balar det til og liksom ikkje vil sleppe til noka glede.
Det er då små gløtt dreg deg opp.
Bittesmå gløtt av lyset og gleda.

Alt det gode som skjer der oppe.
Det er dit du sikter deg mot, og klarer det igjen.
Og du tenkjer at slik ein nedtur ønsker du ikkje igjen.

Du er oppe og ønsker ikkje falle ned ein gong til.
Opptur og nedtur.
Går dei hand i hand?

Nei, du tenkjer med deg sjølv at du ikkje vil gå hand i hand med ein nedtur.
Lyft augene,
og tankane vært lysare.
 

 

mettekvalsvik
02.02.17

 

 

 

#minedikt #tankar #oppognedturar #revmatiskesykdommer #mestring #blogg #lyftaugene