Tilfeldig…


 

 

TILFELDIG

 

Du tar på deg og går ut.

Du har bestemt på forhånd, kvar du skal gå.

Du vandrar avstad i dine eigne tankar.

Sakte men sikkert har du forandra din kurs.

 

Utan å tenkje over det og utan å legge merke til det, har kursen forandra seg.

Det var ikkje dit du skulle, men smilar for deg sjølv.

Så vakkert det var her då.

Då var det hit du skulle denne gongen.

 

Kanskje var der nokon som leda an.

Kanskje var det ikkje tilfeldig vandring.

Dit du skulle, vart ikkje noko av, men dit du kom var ei meining i.

Dette tenkjer du i ditt stille sinn; takk til deg som viste vegen hit.

 

mettekvalsvik
august 2015

 

 

#dikt #minedikt #tilfeldig #etdiktomdagen 

Katteliv…


 

 

KATTELIV

 

Du åpnar døra, og han kjem inn.
Stryk seg mjukt rundt føtene dine.
Han er så glad det er morgon,  for da kjem døra opp og han kan gå inn.

 

Inn til matmor, inn til matskål, inn til varmen og inn til teppet.
Stryk seg lett rundt føtene dine, mjauar litt og hoppar opp.

 

Vil opp i fanget, ligge lunt, bli klappa på av matmor sin.
Da er han trygg, han har det godt.
Kan slappe av fra nattens jag.

 

 

mettekvalsvik
august 2015

 

#dikt #minedikt #Katteliv #katt #skogskatt #detgodeliv

Ro…


 

 

RO

 

Du høyrer klokka tikke  avstad.
Det er det einaste du høyrer.
Du sit og lyttar til den gode roa.
Heilt stille.

Tankane siglar avgårde.
Siglar avgårde i suset av vinden du høyrer ute.
Uendeleg ro.
Så stilt, så stilt.

Du høyrer klokka og vinden.
Det tikkar og bles.
Det er det einaste du høyrer.
Det er stilt og du har ro.

 

mettekvalsvik
august 2015

 

#dikt #minedikt #ro #etdiktomdagen #blogg 

Kvar er du ….


 

 

 

KVAR ER DU?

 

Kvar er du som skulle være min draumeprins?

Kvar gjekk du feil i labyrinten?

Kvifor fant du meg ikkje og tok meg opp på din kvite hest og dro avstad?

 

Kvar er du og kan du finne meg?

Eg ynskjer så veldigt å bli funnet.

Funnet av deg som er min draumeprins.

Kvar er du?

 

 

mettekvalsvik
august 2015

 

 

#minedikt #dikt #minhobbyacrylmalingpålerret #draumeprins #etdiktomdagen #blogg #kvarerdu

Savn…

 

 

SAVN

 

Det er så mykje ein kan tillate seg å savne.
Savn kan være så inderlig sårt.
Det kan grave seg innover og innover,
til ein til slutt mistar fotfestet.

 

Det kan være sunt å savne, men det kan også bli ein sjukdom.
Savnet gjer ein sengeliggjande.
Det kan være noko materielt eller også med følelsar.

 

Det gjer låkt å savne.
Det er sårt, men kan også være gledelig.
Når savnet blir slukket av rein glede, og blir borte.

 

 

mettekvalsvik
august 2015

 

 

 


 

 

#dikt #minedikt #savn #etdiktomdagen

Ventetid………


 

 

VENTETID

 

Første advent har passert.

Vi er i ventemodus, trur vi.

Vi gjer alt anna enn å site på gjerdet å vente.

Vi stressar.

Alt som skal gjerast, alt som skal bakast, vaskast, handlast og hengast fram.

 

Ventetid.

Hastetid.

Tida spring frå oss eller meir det at vi spring frå tida.

Dagane og tida kjem oss i møte, kvar dag.

Denne adventstida er ei god tid.

Den er ei mørketid der vi set ut lys og brenner meir lys inne.

Og vi favnar om det gode.

 

Senk skuldrane.

Ta deg tid til å nyte denne ventetida.

Vente – håpe – glede.

Sjå på alle lysa som er tent rundt om.

Gi gode tankar, gi ei hjelpande hand.

Ikkje alle er like velsigna med glede i sine heimar.

 

Ikkje hast forbi,  men sjå deg rundt.

Lys i kvart eit vindauge, i vente og håp mot det som kjem oss i møte.

Ventetid mot framtida.

Ikkje hast mot den, den kjem allikevel.

Ventetid, adventstid og håpets tid.

 

mettekvalsvik
desember 2014

 

#dikt #minedikt #adventstid #håpetstid #mørketid

26.11.2015

 

FORBI

Du går forbi på gata, og vender ansiktet bort.

Det er det enklaste, da slepper du kontakt.

Men du har allereide sett, og ein følelse ligger i deg.

Kunne det ha vert du?

Nei, tenkjer du.

Du hadde aldri havna der.

 

Men kva hadde skjedd om du hadde stoppa opp.

Om du hadde hjulpet, med litt penger i ein kopp.

Nokon seier det er lureri, dei er ikkje dei fattige på denne jord.

Du går forbi.

Du er redd og vender ansiktet bort.

 

mk august 2015

 

 

#dikt #minedikt #Forbi #etdiktomdagen #blogg

Mimre……..

 

 

MIMRE

 

SÅ GODT Å MIMRE.

DEI GODE DAGANE.

HUSKAR DU, VI FLIRA GODT.

ALLE PÅFUNN, ALL DEN GLEDA, HEILE LIVET FORAN OSS.

 

MIMRE, MIMRE OM FARNE DAGAR.

VI VAR HELDIGE OG KNYTTA NYE VENNSKAP.

DENNE FORTIDA VART VÅR FRAMTID.

VI VART STØPTE TIL DEN VI ER.

 

VI ER HELDIGE, VI KAN MIMRE.

TENKE TILBAKE PÅ GODE TIDER.

OM IKKJE ALT VAR AV BERRE DET GODE, HAR VI LÆRT AV DET,

HÅPER VI.

 

MIMRE, MIMRE OPP I DAGEN.

SÅ LIGG DER NYE DAGAR OSS I VENTE.

NYE MINNER OG GODE MINNER,

DE ER PÅ VEG INN I VÅRES FRAMTID.

 

mk august 2015

 

#dikt #minedikt #etdiktmodagen

Savnet….


 

 

 

SAVNET

 

Det kjem i bølger.
Det som var så lett til å byrja med, blir no tyngre i kvar bølgetopp.
Savnet av det som var.
Savnet av deg og ditt lune vesen.

Men, vi veit at du er her rundt oss, og vi veit du har det bra.
Det er godt å ta med seg når bølga brått kjem på, og slår oss kraftig ned.
Vi hentar oss inn igjen i dønningane av alle minna som svirrar rundt oss.
Savnet er sårt men minna er gode.
Vi tek dei med oss, savna og minna, og krusar over bølgene så godt vi kan.

 

mettekvalsvik
august 2015

 

 

 

 

#dikt #minedikt #savn #minner

14.11.2015


 

 

Hva er det som feiler mennesket?

Hva er det som gjør at noen tar seg til rette og tar andre sine liv.

Et knips og det uforståelige skjer.

Hvilken rett har de til å gjøre dette?

Krigserklæring?

Mot hva?

Mot mennesket.

 

Vi ønsker fred på denne jorden.

Vi ønsker å kunne leve uten frykt.

Vi ønsker å gi håpet om en trygg tilværelse for våre.

Men nå blir det frykten vi ser i øynene til mennesket.

Noen tar seg til rette og har ingen gode hensikter.

Hva skjer i disse mennesker sitt sinn?

De tar liv, mange liv, tusener av liv.

 

Der noen sitter igjen i sjokk og fortvilelse.

Vi blir sinte og fortvilet.

Vi ønsker å være trygge her på jorden.

Vi ønsker det gode.

Vi ønsker kjærlighet til medmennesket.

Vi ønsker at det gode skal overskygge all ondskap.

 

Vi ønsker fred på denne jorden.

Ingen våpen.

Ingen kriger.

Ingen vold.

Vi ønsker det gode.

For størst av alt er kjærligheten.

 

 

mettekvalsvik
14. november 2015

 

 

#dikt #minedikt #etdiktmodagen #fred #kjærlighet #mennesket #jorda