Det er ikkje…..

 

 

DET ER IKKJE MÅTE PÅ

 

Skal tru kva dei seier no.

Det er ikkje måte på, seier dei.

Og kvifor har dei alltid noko dei skulle ha sagt?

 

Det er om og gjere å trykkje ned andre si glede.

Det er om og gjere å vise den negative holdning.

Det er ikkje måte på, seier dei, når noko er gjennomført.

 

Istaden for å møte med glede og positiv tilbakemelding.

Å unne nokon noko.

Nei, det blir negativt, istaden for å lyfte opp.

 

Vi treng alle å bli lyfta opp.

Vi treng ingen til å trykkje oss ned.

Vi klarar så forskjellig.

 

Og det vi klarar, må vi få lov å vise.

Utan å få høyre:

“Det er ikkje måte på”.

 

 

mette j kvalsvik
 september 2014

 

 

 

 

 

#minedikt #deterikkjemåtepå #blogg
 

Gryande……

 

 

GRYANDE DAG

 

Du legg planar i det du slår opp augene.

I dag, ja i dag skal du det.

Ein ny dag er gitt deg.

Ein gryande morgon, ein begynnande dag.

 

Du legg planar for dagen, utan at omverden er innblanda.

Men ut av kvart steg i denne gryande dagen, sig omverden inn,

litt etter litt.

Og den gryande morgon og dag, blir omforma, og planar legges til side.

 

Omverden tek plass og krevar di oppmerksomheit.

Så forandrast din morgon og dag.

Dine steg går ikkje dit du hadde tenkt.

Slik er det, tenkjer du.

Dagen og livet, litt tilfeldig kvar dine steg går.

 

mette j kvalsvik
juli 2015

 

 

 

 

 

#minedikt #gryandedag #tilfeldig #dagenoglivet

Du får ikkje meir…..

 

 

 

Du får ikkje meir enn du kan klare.

Også tøyast grensene.

Du får ikkje meir enn du kan klare.

Og igjen tøyast grensene.

 

Da spørs det kor langt grensene kan tøyast,

før dei slitast i to.

Kvar står du då, når grensa er nådd og alt er tomt?

Med begge føtene planta på bakken?

 

Hodet opp og føtene ned?

Ja, du gjer nok det, denne gangen også.

Kanskje det er noko i det, at du ikkje får meir enn du kan klare.

 

Men du klarar det allikevel ikkje aleine.

Dine nærmaste, dine venner, er gull verdt.

Dine støttespelara.

Du får ikkje meir enn du kan klare.

 

mette josteinsdatter kvalsvik
juni 2014

 

 

 

 


 

 

 

 

 

#minedikt #blogg #fotografering #grensenetøyast #dufårikkjemeirenndukanklare

Sorger og gleder.


 

 

 

SORGER OG GLEDER

 

Eg tenkjer på livet.
I det eine augneblikket er vi der alle, tilstades.
Men før ein får snudd seg rundt,
er nokon reven vekk.

 

Vi lever intetanande om vår tid.
Nokon velger å bestemme over si tid, 
og vi lever makteslause uansett.
Sorger og gleder, hand i hand.

 

Tusen spørsmål som ikkje blir besvart.
Vi er her, men så er nokon vekk.
For alltid.

 

Sorgen vi må bære, som ofte kjem så brått.
Gleda vi har i oss, vi må leite etter det gode.
Leite etter gleda, og den erstattar nesten sorgen.

 

Men vi bærer den i oss.
Gleda og sorgen.
Dei går hand i hand.

 

mette j kvalsvik
april 2014

 

 

 

 

 

#minedikt #sorgeroggleder #handihand #blogg

Skjørt som porselen.

 

 

 

SKJØRT SOM PORSELEN

 

Vårt liv – så skjørt – skjørt som porselen.

Og kva skal til for å gjere det sterkare – hardare?

Ingenting?

Skjørt – skjørt som porselen.

Det står ikkje i vår makt å ta kontroll.

Forstå det den som kan.

Skjørt – vårt liv – andres liv.

En dag er vi her og neste dag vekk.

Skjørt som porselen – det er meg og deg – vårt liv på denne jord.

Skjørt som porselen,

men dog vilje og styrke når det trengs.

Vårt liv på vår klode – skjørt som porselen.

 

mette josteinsdatter kvalsvik
 april 2014

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

#skjørtsomporselen #minedikt #blogg #skjørt #vårtliv
 

Våren er her.


 

 

 

VÅREN ER HER.
 

Våren.

Herlige sildringer gjennom landskapet, gjennom kroppen.

Nytt liv springer ut, titter fram fra skog og kratt.

Ei lita kusomre midt i vegen.

 

Vår.

Nytt liv.

Nytt håp.

Milde farger, vakre farger, klare farger.

 

Vår.

Glede i kropp og sjel.

Dette vakre og underlige i vår natur.

Herlige vår!

 

mette j kvalsvik
mars 2014


 

 

 

 

 

 

 

#våren #minedikt #blogg

Smellen.


 

 

SMELLEN

 

I dag kom smellen, som med svake raude varsellampar 

har ligget og blinka ei god stund.

Smellen kom i følge med værskiftet, og det blei ille.

 

Så ligg du der og makter ingenting.

Smertene har tatt overhand, og du lurer på kva klokka

var da du tok siste smertestillande.

 

Tida står stille og tankane svirrar.

Kva skal eg gjere?

Apati.

 

Da kjem det sigande;

eg gjer det eg brukar gjere.

Tar på skoa og går ut.

 

Carpe diem !

 

 

mette j kvalsvik
mars 2014

 


 

Dette er over eit år siden. Det er slik at ein ikkje er forberedt alltid på det som kjem. Og dette kan kome snikande. Smerter som er uuthaldelege. Men ein blir ekspert på seg sjølv etter kvart, og veit kva ein tåler, og da blir desse smellane som trekker ein så langt ned, færre og sjeldnare. Det er eg glad for.

 

Ønsker dere alle en flott dag!

 

 

 

 

 

#minedikt #smellen #uuthaldeligesmerter #smerter #kroniskesykdommer #revmatisme #fibromyalgi #snikande #tapåskoaoggåut #blogg

Kva gjer ein?

 

 

 

KVA GJER EIN?

 

Når det er som svartast,

kva gjer ein, kva gjer ein?

Ta på skona og gå ut,

finne lyset, finne lyset.

 

Når all energi er som blåst bort på eit blunk.

Ta på skona og gå ut,

finne ny energi.

 

Når alt blir til smerte og din kropp skriker NEI,

ta på skona og gå ut,

finn ditt JA i din natur.

 

Når ditt “opp” er blitt “nede”

og alt er håplaust tungt å bære,

ta på skona og gå ut,

finne nye lette stiar.

 

Når din kropp er i vater

og ditt sinn likeså,

ta på skona og gå ut,

nyt dei augneblikk du får.

 

mette josteinsdatter kvalsvik
mars 2014

 

 

 

 

 

 

 

 

 

#kvagjerein #minedikt #svartast #tapåskonaoggåut #blogg
 

Gjensidig.

 

 

 

GJENSIDIG

 

Gjensidig;
tro
håp
kjærlighet

Gjensidig;
respekt
aksept
toleranse

Gjensidig;
tryggheit
glede
sorg

Gjensidig;
prat
stillheit
lytte
 

Gjensidig;
arbeid
vedlikehold
problemløysing

Gjensidig;
latter
smil
vennskap

Gjensidig;
tårer
maktesløyse
styrke

Det er ein del av det å være i eit fellesskap. 
Det er ein del av det å være to.

 

mette j kvalsvik
februar 2014

 

 

 

 

 

 

 

#minedikt #gjensidig #fellesskap #blogg #tårer #maktesløyse #styrke #fotografering
 

Mot straumen.

 

 

MOT STRAUMEN

 

Å gå mot straumen, kan være tungt.
Tenk om ein var så heldig å flyte med straumen heile livet?
Eller er ein heldig då?
Eller er ein heldig om ein må gå litt mot straumen?

 

Om ein flyt med straumen kan det kanskje gå litt fort framover,
og ein mister verdifull kunnskap?
Om ein må gå mot straumen, må ein kave litt meir kanskje?
Og da oppdage verdier undervegs?

 

Ingen har vondt av litt motstraum?
Eller?
Om ein må kjempe litt meir enn andre, er det ikkje negativt det.
Men det er klart det er av betydning kva slags motstraum det er snakk om.

 

Ein får måle sine krefter “mot” straumen.
Det er beundringsverdig når motstraums gir god følelse, 
positive resultat og ikkje minst, glede.
Å gå mot straumen er ikkje alltid så dumt, men ikkje alle kan velge.

 

mette josteinsdatter kvalsvik
februar 2014

 

 

 


 

 

 

 

 

#motstraumen #minedikt #blogg