Eit vingeslag, og eit til. Tankane blir lette. Eit vingeslag til, og alt det tunge er vekk. Enda eit vingeslag og du svevar høgt der oppe. Inga bekymring i sikte. Eit vingeslag.
Og bra er det, at nokon har vet til å spørje seg føre…. For hadde ikkje Tove spurt fergekarane som stod der på kaia og skravla – før vi kjørte ombord i ferga, ja, då hadde vi ikkje havna på Sandsøya, men rett og slett på Kvamsøya :-D!!
For ingen kunne no tenkje seg at det var VOKSA vi skulle sikte oss inn mot.
For det var EG sikker på, at det var dit vi måtte ta ferga, til Kvamsøya, for å kome oss til Sandsøya og SJUTOPPSTUREN, som vi korta ned til FEM TOPPAR ja.
Men, men, klokare kan ein bli kvar einaste dag, og kloke vart vi i dag også – fordi nokon visste noko om mobil som var lurt å vite.
Men her kjem turen i bilder – dei 12 kilometera og i overkanten av 21000 skritta vi la bak oss i heitebølge, flogeangrep og uthaldenheit.
For ein natur – ein kan bli mållaus av mykje mindre.
Vi traff ingen andre fjellglade – men ein frosk skvatt forbi oss….
Ja der stig fjellet til vers – det som vi valgte vekk i dag.
Vi fant ut at vi ville rekke ferga tidligare enn planlagt – og rekke STEINGODT for ein kaffe og solskinsbolle….. Men trur du ikkje STEINGODT rett og slett var vekkbestilt og tom for alt det gode……….. Ring fyrst – var rådet dei ga oss.
Jeg går og rusler på ringerike – en liten pike på fem-seks år……………
Og her kan du få ro i sjela og ta ei overnatting om du følar for det. Kostar ikkje så mykje, og du kan også leige krokar og ta med eiga hengekøye. Ikkje dumt nei. Iallefall om ein ikkje rekk fergå…..
Steingodt eller ikkje…………
Ein fantastisk tur over fjella i dag – sjølv kor plagsomme flogene var på mykje av turen…. Ein overlever det meste i godt lag……
Tusen takk for turen, Tove og Inguna!
Ja, det må seiast, at turen eigentleg skulle gå til URKE og URKEEGGA – men pga “styrtregn”-meldingar i indre strøk – med tilslag av både lyn og torden – ja då foretrakk vi ein tur i dei ytre strøka.
Du er så klar over det sjølv. Du treng ikkje andre til å påpeike det, dine feil. Du prøvar trå varsamt, men kvar enn du trår, må du passe deg. Auge og øyre står parat. Trå varsomt, men ikkje utslett deg sjølv. Trår du litt feil av og til, lærer du av det. Dei som sit der på gjerdet og ventar, på dine feil, kanskje burde dei trå varsomt sjølve?
Vi er berre menneske, og ingen er feilfrie. Det er berre det at dei som sit der på gjerdet, klare til angrep, sit med ei makt, og trykkjer deg ned. Kven er det eigentleg som bør trå varsamt? Kven er eigentleg feilfri? Du trår varsamt i håp om at ingen legger merke til din eksistens. Til behag eller ikkje, for dei som sit på gjerdet og ventar.