Laget og delt første gang til frodiths lille januar-moro
ho stod der med bøygd nakke
einsam
og blada falt til bakken
det eine etter det andre
raude og grøne falma blad, om ein annan
eitt og eitt
som om den talte dagane
så var det ikkje mange raude roseløv igjen
og rosa syntes det vart litt lettare i nakken
den strekte på nakken og reiste hodet litt
gløtte mot sola som brått skein så vakkert på himmelen
og kjente varmen som seig gjennom stilken og ned i røtene
det smelta under henne
isen skaut fart og jorda vart mjuk
nåkre få roseblad stod att, eitt nytt falt til bakken
og rosa bøygde seg på nytt
då såg ho den
ein spire heilt nede ved jordkanten
ein spire frå henne sjølv
eit nytt skudd på stammen var i emning
lykka skaut fart som varme bølger opp igjennom
heilt til toppen av knuten, der dei siste blada stod
eg klarar meg tenkte rosa med stoltheit
eg klarar meg
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
27. januar 2024
#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen
For en fantastisk beskrivelse og dikt. Det rørte meg



Det var nydelig Mette
Tusen takk gode du
Vakkert!
God lørdagskveld. Klem <3
Tusen takk
god lørdagskveld 
<3<3<3
Så fine tanker!!!
Klemsiklem:)