tøff..

 

 

Eg var ikkje sĂĄ gamal dĂĄ eg datt ned trappa,
snubla og stupte i det…
skrapa meg opp pĂĄ rustne spikra, og sa galant;
“det er ikkje så farleg – ditte var artig” –
flira og sprang inn – før tårene kom..
Det var slikt ein måtte tåle når arbeidskarane fekk dèn underhaldninga,
og dei bekymra ropte om det gjekk bra
Sjølvsagt gjekk det bra..
Fall ned fleire trappetrin og rett i plankar med spiker stikkandes opp…
Klart det gjekk bra
Tøff som eg var  – ikkje vise følelsar
Vente vente – til ingen såg det
Det renn frå augene… tårer…
Ut igjen seinare med plastra hand…
Jauda, tåler no såpass….
Tøff på utsida

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

8 kommentarer

Siste innlegg