Søndag
og hund og menneske må loftast.
Det er opplett og målet blir i dag, Mulevika.
Regnkle for sikkerheita si skyld.
Sjølv om eg har forsikra meg – lest på YR – at det skal være opplett til rundt 12.00!
So då fer me avgårde i vant trav i Mulevikvegen.
Sist vi gjekk her måtte vi snu pga skyting ein eller annan plass.
Hunden Leia reagerar kraftig på raketter og smellar generelt.
Men…..
Det er vel jaktsesong snart………
Nok om det….
Berre å ha hunden i band, so stikk ho ikkje av (bandtvang også ja) slik ho gjorde på nyttårsafta, då Patrick fant ho igjen på Muletua……..
Jauda….
Det har blese og regna kraftig siste døgnet.
Iallefall nok til at sanden i Mulevika har vorte dregen ut med straumen frå bårene.
Men det er mykje spanande å oppdage og å sjå når man går her i fjøra og på sandstranda.
Kan du for eksempel sjå at dette er ein hund som ligg og søv?
Ein må ikkje gløyme å leike seg, sjølv om ein er vaksen.
Ein må nyte livet.
Sjå etter detaljar.
Bruke fantasien.
Sjå etter alt det flotte der ute – ikkje berre trampe avgårde utan å oppdage naturens skattar.
Sanden trekkjer seg utover i havet og legger igjen spor her og der
Fra gårsdagens vind og regn er det skum i mulevika.
Masse skum og ein blir no litt leiken av å sjå på slikt, både hund og menneske.
Når sommaren går over til haust.
Sakte men sikkert.
Og man kan glede seg over det som var og glede seg enda meir over det som er i vente.
Men foreløpig er det berre skum som gjeld………..
Og man blir frista til å “bade” i skum og tenkjer ikkje over at det ikkje er så reint som det kanskje ser ut til å være………
heheheh morosamt allikevel…..
Det er då det er godt å tenkje på at ein har badekar og vaskemaskin heime.
Berre å hive hund og menneske og klær til vask!
Naturen poserar, hunden poserar og fotografen poserar.
Ikkje noko problem då!
Og når vi har leika oss nok og mennesket ser slik ut
Då er hund og menneske fornøgde og ruslar heimover.
Tenkjer so at elva er full av vatn etter alt regnet – og det går å vaske seg litt der før ein går resten av vegen heim.
Og når ein då sit i elva og kjem på at det var den regnbuksa som hadde ei rift på innsida av høgre lår etter ei impulsiv handling for ei stond sida.
Ok…………..
Klatring over gjerder med piggtråd kan av og til resultere i revne i bukser…
Så …………Impulsive handlingar resulterar av og til i eigentleg berre meir latter og oppgittheit…………
Sånn er det berre når ein skal gjere noko “litt ulovleg”…..
Våt vart mennesket iallefall på høgre lår……..
Men ingen skade skjedd, for heldigvis er mennesket ellers vanntett.
Og mens vi går, og hunden trur han er “måke-fangar”….
Og mennesket prøvar forklare at du nok ikkje får tak i den måken, Leia…
Ein måke med full oversikt fra høgda – som fulgte oss fra skum til asfalt.
Jepsipepsi!
Man skal ikkje gå over gjerder.
Der det ikkje er “led” å gå igjennom, der betyr det vel at ein skal halde seg på rett side av gjerdet?
Med tanke på revna i regnbuksa……….
Men…..
Litt spenning må ein ha i kvardagen, om det så resulterar i ei revne, at ein blir skitten eller……………
YR holdt ord, nesten
Men hund og menneske kom seg heim før det kom ei skikkelig byge.
God søndag!
#søndag #sjøskum #skum #hundenLeia #selfie #nårsommergårovertilhøst #august #sandstrand #mulevika #shetandsheepdog #natur #fotografering #yr