Tunge daga.

 

 

TUNGE DAGA

 

Livet står der brått, ansikt til ansikt.

Ingen veg tilbake.

Berre framover.

 

Dagen i dag.

Timane, minutta og sekunda.

Overveldande, makteslaus og handlingslama.

 

Må kome vidare, framover.

Velge.

Krav som blir stillt.

 

Forventningar.

Klokka tikkar og alarmen går.

Muligheter går forbi og svingane er krappe.

 

Det er lov å bremse opp, dog ikkje for lenge.

Tunge dagar ein treffer på, i ein krapp sving, i eit lyskryss eller rundkjøring.

Valga er mange.

 

Høgre eller venstre?

Rett fram?

Det er lov å feile, for så å rette opp igjen.

 

Kursen er ikkje alltid så lett å sjå.

Men den er der.

Og du finner den der, eller lenger framme.

 

mette j kvalsvik
november 2012


 

God morgen!

Ønsker dere alle en flott dag der ute 🙂

Take care!

#tungedaga #minedikt #blogg

Augene.


 

 

AUGENE

 

Augene strålar.

Ei takk for at nokon kjem.

Augene seier så mykje.

Takkar.

 

Det som gjer dagen heil, er når det bankar på døra,

og ei hjelpande hand kjem inn.

Gleda i dagen.

Nyhende i dagen.

 

Litt prat og latter gjer augene glade.

Augene fortel si historie.

Tunge dagar og lettare dagar.

Augene lukker seg, ser ikkje så klart.

Kvile.

 

mette  josteinsdatter kvalsvik
 november 2012

 

 

 

 


God morgen!

Med dette bildet av min mors flotte katt, Simba, ønsker jeg dere alle en superflott dag der dere måtte være 🙂

#augene #minedikt #blogg

Fjellturer :)

Hei!

Tenkte legge til en kategori som har med mine fjellturer å gjøre 🙂 Jeg elsker disse fjellturene og det har seg sånn at av og til har jeg/vi med kjole i sekken og tar et foto i fjellheimen med kjolen 🙂 Gøy det!

 


På denne turen gjekk vi opp fra Leikong til Storetua. Fantastisk tur.


Her er fra langfredag i år. Sandsøya. 7 toppsturen som blir arrangert hver påske på langfredag 🙂 Herlig!


Vakre Runde. Det er alltid godt å komme ut og gå i dette flotte fjellet. Runde er spesielt – og fantastisk å vandre i.


Her har Tindekvindene (fjellturer med kjole i sekken) tatt turen opp i fjellet til Hovdenakken, med fotograf. Dette er et “selfie” bilde tatt med min mobil 🙂


Kjolebilde i fjellet og ved varden på Leinehornet.

Hiha! Godøya fjellet rundt. Opp fra Alnes og her ved Johanskyttsteinen 🙂


Nedstigning fra Storehornet på Godøyfjellet. Vi ser ut mot Herøy.

Jeg er veldig glad i foto – fjellturer – legge ut og vise hvor flott det er 🙂
 

Håper du trives med mine bilder og opplevelser.

#fjelltur #kjoleifjellet #godøya #Runde #sandsøya #leinehornet #Hovdenakken #bunadifjellet #Storetua #bilder #fotografering

Barføtt.

 

BARFØTT

 

Det kiler under føtene.

Åh, herlig!

Nyslått mark der hesjane står på rekke og rad.

Gjemsel mellom hesjane, i bare føtter.

 

Latter og glede i bare føtter.

Alvor og leik på markane.

Traktor og høyvogn.

Trakke høy. Jippi!

 

Ned i fjøra, barfot.

Vasse opp til knena, og fiske krabbe.

Heile fjøra, eit stort akvarium og leikeplass.

Barfot sommar – slik var det.

 

Om vi ikkje var på markane og styrte med graset, vandra vi i fjørene fra stein til stein.

Sola leika over småe tær og føtene sprang så lett i varmen.

Bare føter i leik – lagar spor i sanden der havet så lett smyger inn.

Små skvulp, store skvulp, over føtene og dreg med seg spora ut.

 

mette  josteinsdatter  kvalsvik
desember 2012

 

 

 

 

Hei!

Ønsker dere alle en flott dag 🙂 Rett og slett en god lørdag 🙂

#barføtt #minedikt #spora #dikt #fotografering #bilder

Om du ikkje var.

 


 

OM DU IKKJE VAR

 

OM DU IKKJE VAR, KVA HADDE EG DÅ?

OM DU IKKJE VAR, VAR EG EIN ANNAN STAD DÅ?

OM DU IKKJE VAR, VAR EG EINSAM DÅ?

OM DU IKKJE VAR, KVA SÅG EG ETTER DÅ?

OM DU IKKJE VAR, DÅ VAR IKKJE EG HELLER

 

 

 

mette j kvalsvik
november 2012

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


God morgen til dere 🙂

I dag brukte jeg et selvmalt bilde som heter “ELEMENT” til mitt dikt. Syntes bildet passet inn. Ellers legger jeg ut gode farger fra en solskinnsdag fra egen hage. For i dag bøtter det ned meg regn her på sunnmøre 🙂 Men det gjør ingenting, for vi har hatt strålende sommerdager i forkant 🙂 Om ikke sommerdagene blir så mange, så sitter de som kommer, spikret i minnet. Det er herlig med sommer. Nå får alle planer litt ekstra å drikke og gjør seg klar til neste soldag 🙂

Ha en fin dag !

#minedikt #omduikkjevar #dikt #blogg #bilder 

Vennskapets kraft.


Her ser vi varden på Leinehornet.

 


Ystevika i kvalsvika.

 


Et flott fyr ved Christineborg på Runde. Veldig fin tur ut dit, og du finner fred og ro der.

 

 

 


 

 

VENNSKAPETS KRAFT

Du har kjørt den same vegen heile livet.
Du kan den i blinde.
Ingenting har enno stoppa deg eller sperra vegen for deg.

Heilt til du ein dag ikkje kjem deg fram.
Vegen er blokkert.
Du stoppar opp.

Du kavar i blinde, og finn ikkje vegen du kjente så godt.
Du ropar på hjelp, men det er ingen som høyrer.

Stemma er for svak.

Du ropar igjen.
Litt høgare no, men ingen høyrer ropet ditt om hjelp.
Du går inn i deg sjølv og leitar etter vegen.

Kva var det som skjedde?
Kvifor høyrer dei ikkje?
Så, langt i det fjerne, du høyrer stemmer og latter.

Eit lysglimt så svakt i det fjerne.
Du ryddar deg veg og kjempar deg fram til du oppnår ei sprekke, og ser.
Dei du trudde du mista, dine nærmaste venner, kjem mot deg med lys i si hand.

Viser vegen du ikkje kunne huske, og du trudde du hadde mista for godt.
Du trekkjer pusten djupt og tek enda eit skritt ut i lyset.
Du skimtar vegen, kjenner deg igjen og kjenner vegen igjen.
Krafta i vennskap gir deg styrke.

 

mette josteinsdatter kvalsvik
november 2012

 

 

#minedikt #vennskapetskraft #blokkert #blogg #dikt

 

 

Ønske.


 

 

ØNSKE

 

Om du hadde tre ønsker, kva ville du da ønske deg?

Kva ville du ønske først og sist?

Hadde ønska komt som perler på ei snor?

Hadde ønska vore for deg eller for dei rundt deg?

Å få utdelt tre ønsker kan ikkje være enkelt.

Kanskje ønska du at du ikkje fekk dei, ønska.

Du kan ønske deg tre ting, og kanskje tenkjer du penger, god helse og eit lykkeleg liv?

Kanskje får du alt det, men treng det egentlig ikkje.

Du kan ønske deg fred på jorda, ingen hungersnaud og ingen katastrofer.

Du kan ønske tre ting, enten for  eiga vinning eller andres vinning, men du rekk ikkje over alle, innser du.

Er det då bedre å legge ønska til side?

Det er ikkje enkelt.

Du kan få stor rikdom.

Kva velger du?

Tre ønsker.

 

mette  josteinsdatter kvalsvik
 november 2012

 

 

 


 

God morgen der ute!

Det blåser en del, men det er el egentlig bare greit, for da forsvinner skodda som har ligget i fjellet 🙂

Ingen dag er lik, og utfordringer ligger langs med veien.

Ønsker dere alle en flott dag der ute.  Det er sommer, så nyt den om det er sol eller regn!

#minedikt #blogg #ønsker #treønsker #kvavilleduønske

Inne i mitt hode.

 

 

INNE I MITT HODE

 

Inne i mitt hode er det mange tankar.

Det svirrar.

Inne i mitt hode kjem draumane til liv.

 

Mine fantasiar, mine idear, mine reiser.

Inne i mitt hode der er allting lov.

Ingen ser og ingen dømer.

Inne i mitt hode er eg fri.

 

mette j kvalsvik
 november 2012

 

 


 

 

God morgen 🙂

Det regner ute, og skodda ligg ned i fjella.

Vi har finever i vente men enn så lenge får vi kose oss så godt vi kan i det veret som er, og i den tiden vi har 🙂

Carpe diem!

 

 

 

 

#minedikt #inneimitthode #blogg #fri

Mørketid.

MØRKETID

 

Det mørknar ute.

Det legg seg i krikar og krokar, over alt, mørket.

Smyg seg lydlaust og legg seg som eit låk over oss.

 

Vi kikar opp, opp mot mørket, og der, tusenvis av stjerner glitrar mot oss.

Eit hav av blinkande stjerner under låket.

Det er mørketid, men dog vakkert.

 

Tende lys over oss og inne i kvar heim.

Ei mørketid som er lun og vakker, sjølv om ein ikkje ser alt.

Stjernene og lyset viser veg.

 

mette j kvalsvik
november 2012

 

Hei!

Det er mandag morgen. Ny uke og nye muligheter. Ha en flott dag der ute 🙂

#minedikt #mørketid #lyset #stjernene #blogg

 

Å vandre.


 

 

Å VANDRE

 

Frå vi er fødde, vandrar vi.

Framover.

Heile tida mot noko.

Men kva vandrar vi mot?

 

Mot barnehage?

Mot skule?

Mot arbeid?.

Mot vårt liv?

 

Vi vandrar I livet vi har fått tildelt.

Kvar enkelt har fått tildelt SITT liv og vandrar I det og mot det.

Kva vi har i vente i vår vandring, veit ingen.

Ein dag av gangen.

 

Vi vandrar mot planar og idear.

Nåkre rekk vi og andre rekk vi ikkje.

Heile livet, ei vandring i kunnskap og forståing, undring og redsle.

Vandring i håp og kjærlighet for vårt liv og andres liv.

 

Ei vandring på vår jord.

Vandring i vårt tildelte liv.

 

mette j kvalsvik
oktober 2012

 

 

God morgen og god søndag.

Bildet jeg har brukt i dag er malt i 2014, og minner meg litt om en slags vandring, om en ser nøye etter.

Ønsker dere alle en flott dag.

 

 

 

 

 

#minedikt #åvandre #blogg #liv