Smerten fyker som lyn gjennom kroppen og du orkar ikkje ligge der og ta imot lenger Står opp og tek den tabletten som funkar No må natta bli bra vel? Du våknar og kjenner ingenting Ah slik er det, tenkjer du, å være smertefri.
Men korleis gjere det, vise det, heile menneske? Er det negativt eller positivt å fortelje om f.eks. psykisk lidelse, til arbeidsgivar og kollegaer. Det skal ikkje være negativt, men er ofte ein følelse av skam. Vanskeleg.
Det er ein styrke i å fortelje om dette, og ei gode for andre å vite. Kunnskap. Det er ikkje farleg.
Psykiske lidelsar – skjulte utfordringar.
Være trygg og være heilt menneske så godt som mogleg.
Åpenheit!
Det å kunne vise kven ein er – heile menneske. Motta foståelse istaden for avstand.
Vi er litt forsiktige med å seie nei Vi er litt forsiktige med å seie ja Vi seier heller kanskje… Veit ikkje heilt, får sjå.. I redsle over å såre nokon for å tråkke på andre sine tær For å unngå konfrontasjon Så seier ein eit ja eller det blir eit nei berre slik i høflegheit Sjølv om vi eigentleg meinte det motsatte Kvifor er vi slik… Så redde for å være ærlege Ikkje seie ifrå I fare for å tråkke nokon på tærne Liste liste lett på tå …
Har ikkje før planta ut og laga det lekkert, ved utgangsdøra – til våren og påska, og før at vi skal ha noko fint å sjå på.. så vaknar ein til eit kvitt teppe ute…
Ja det blir jo det… disse små spirene som vokser og vokser nå 🙂 Da blir de barna mine, som jeg passer på!
Og nå har jeg plantet de om så de får litt større plass. Og i den prosessen var det mange spirer som gjekk fløyten for å si det mildt, men akkurat disse har klart seg enn så lenge. Tomater i rødt og gult og … for det var tre farger… Også solsikke da 🙂 Ja, noe blir det, i allefall av tomatplanter, men HVA er ikke sagt ennå 🙂
Spennende er det uansett å så frø og se det spire!
Lykka er optimal Våren er her Mars, endelig kom du For ein lettelse som opprant Så overlevde eg endå ein vinter Denne traurige tunge og mørke tida Endelig er du her våren og eg er så lykkeleg som eg ikkje har vore på det eg kan hugse…
Når C har kjøpt nye vindaugsviskarar på Biltema, av beste sort, og “kobla dei på” Men dei viskar så svartens dårleg…
Det er pga vaskemiddelet etter bilvask ( ein film som legg seg over vindauget), får eg forklart. Etter eit par turar i regn og svært irriterande dårleg sikt er eg veldig usikker på om eg har fått rett sort viskara og at dette må være svært dårleg kvalitet… Ditta blir betre etter kvart får eg til svar…
Kva tid er “etter kvart” ??
I dag var det null sikt gjennom bilvindauget! Langkøyring frå Ulsteinvik til Kvalsvik… Det viska og viska og hagla og sludda og sola skein og eg nesten grein..på returen. Nesten som den songen til Vassendgutane der “sola ho skine og ungane grine” som datt ned i haude på meg her…
Og trur du ikkje at vindaugsviskarane byrja gå opp i liminga!
Eg sa forskjellige ting ganske i stillheit der i bilen mens eg var på veg, og tenkte i det stille at det i alle fall ikkje er synet mitt det er noko i vegen med… Sjølv om det til tider var ganske så inn i helsike vanskeleg å sjå! Eg skal i allefall gi Biltema beskjed om kvaliteten!
Så slo det meg brått at eg aldri har sett gjennomsiktige/blanke viskara før… det hang og slang liksom meir og meir ned frå viskarane… noko blankt…
Klarte kome meg heim til C`s hus, og hadde kanskje ein mistankje til noko…
Jaudå… Trur ej dauda ta latter!!!
Ein god latter forlenger livet!
Ikkje visste eg at det var beskyttelse på viskara… Han visste det han som hadde kobla dei på, men han skylda på dårlege briller/eller mangel på sådan 😀
Godt er det at neste gong eg er ute og køyrer så kjem eg til å SJÅ vegen og imøtekomande trafikk betre enn i dag 😀 Og Biltema slepp høyre noko frå meg!