ANALYTIKAREN
Tankane kværna……..
Det knakar og brakar i hodet.
Det går an å tenkje seg sjuk.
Tankane trekkjer deg ned.
DU trekkjer deg sjølv ned med tankane.
Man kan bli ekspert på tankeverksemd.
Noko DU sa,
DU svarte i ein tone du ikkje meinte,
nokon svarte i ein tone DU tolka,
og samvetet tek totalt overhand.
Tankane øser deg opp.
Tankane gjer deg redd og nervøs.
Du lagar deg problemer større enn nødvendig,
sjølv om du eigentleg ikkje veit akkurat det,
før noko er gjennomført,
og det ikkje var så gale allikevel.
Tankens kraft.
Tankane.
Tolkningane.
Analysene.
Kva var det eigentleg som vart sagt, også er kværna i gang.
Kva om…..
Og du føler skyldfølelsen fordi du tolka det du sa sjøl, som negativt, mens mottakaren ikkje la så mykje i det.
Samvetet gnagar.
Ein meister i å tenkje deg ned.
Usikkerheita tek overhand.
Totalt utsleten.
Smertene jagar gjennom hode og nakke, ut i skuldre og ned i heile kroppen.
Tankane har teke over.
Fullt kaos i den negative verda.
Så øydeleggjande.
Men du tok feil.
Det var ikkje slik det var.
Det vart for stort alt i saman.
DU laga det for stort i hodet ditt.
Det var ikkje slik det var.
Tom og utsliten og oppgitt over arbeidet over lengre tid.
Arbeidet med tankane og kaoset.
Sjukdomsfølelsen som har gnagd seg inn i kroppen.
Lettelsen for å gi slepp på kaoset.
Slappe av i kroppen.
Det var ikkje så gale, tenkjer du.
Heldigvis!
Du tenkjer med deg sjølv at no må det være nok.
Kvifor skal du alltid krisemaksimere alt?
For du tenkjer deg ned og tenkjer det værste.
Tenkjer deg så dårlig samvet som overhode mogleg.
Tankane om at andre har meiningar om deg som du ikkje taklar.
Det du sa, blir ei stor sak for deg, men ikkje for andre.
Du, den perfekte analytikar i eigen kropp.
Det tek aldri slutt.
Slutt å tenkje deg sjuk!
Kvifor MÅ alt analyserast og tolkast ned til brytningspunktet?
Sånn er det berre……
når analytikaren tek over.
Mette Kvalsvik
24.05.18
#diagnoser #fibromyalgi #tenkjesegsjuk #revmatisme #artrose #tankar #etdiktomdagen #blogg #minedikt #dikt #tankarblirtilord