kveldstur i går

FLØ
i kveldinga

Tenne et lys og lytte til stillheten

 

Nesten ikke vind
Stjerner som titter frem
Lyset på himmelen

wellness challenge dag 23

Ei slik liste…..Nei det klarar eg ikkje lage

Men, eg er stolt over det eg har klart gjennom livet, for meg sjølv og mine
Stolt over slik eg er i dag
Stolt over meg sjølv på mange vis
Stolt over mitt engasjement for turer i naturen
Osv,,,,,

alltid

 

saknet av dine eigne
du har dei ikkje i dine armar lenger
dei er på ei armlengdes avstand, minst
dei er ikkje nære
men allikevel er dei det
ikkje ein avstand kan ta frå deg den kjensla
gleda og stoltheita når de endeleg treffast
då er dei der
om ikkje i dine armar
så er dei der
og du  kan sjå dei, og du kan ta armane rundt
for di stoltheit forsvinn aldri
og armane er store nok enno
dei minkar aldri
det gjer ikkje saknet heller
sjølv kor nær dei kan være
for dei har gått sine vegar
og det er akkurat det som er meininga
gå eigne vegar og finne sine liv
så står du der og fylgjer med
på avstand
men dog så nært
alltid

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
17. august 2024

 

#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

kaldt ute – noe beveger seg i vannet

 

Opplett og overskyet Onsdag
Tur bak ved Gamleeidet og forbi…
Ikke så lang tur, men nok
Kaldt blei det, da jeg blei fascinert av noe i en pytt/vann, ved stien, og blei stående og se på runddansen den hadde…
Hva driver den egentlig med?
Først trodde jeg det var en baby-hoggorm som svømte rundt og prøvde kvitte seg med bakhenget…
Men,,,  ikke huggorm nei  heheheh   heller et saksedyr eller noe
Hva tror du?


Hva er frem og bak her da??


For en merkelig skapning!

 

 

 

Ellers var det mye vakkert nede på bakken

 

Så du noe i stein-bildene?
En figur – et barn – en bamse eller noe annet?
Fantasien!

wellness challenge dag 22

 

 

Jeg maler best alene 🌸

sine liv

 

 

Alle har sine liv
Du ser og leser
Alle du kjenner, som har sine liv
Alle du veit kven er, har sine liv
Alle du møter, ser, passerer, skubber borti
Dei har barn og barnebarn, eller dei har ingen
Dei har mista nokon, eller fått nokon
Dei lever sine liv

Du står på sidelinja og er tilskuar
Ser og leser, undrar og tenkjer
Studerer
Kva styrer dei med alle
Den gjer det og den gjer det
Vil du også gjere det
Vil du også være med der
Være med i den store heiagjengen
Eller være anonym

Du ser på frå sidelinja
Av og til er du med
Brått var du delaktig i nokon andre sin dag
Der er alltid nokon som gjer noko
Det er alltid noko som skjer
Det er alltid nokon som flirar eller gråter
Alle har sine liv, og lever sine liv etter beste evne
Du trur det

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
22. oktober 2024

 

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

sitat

 

“En løgn som gir liv
er bedre enn å dø av skuffelse”
ukjent

 

 

wellness challenge dag 21

 

Dag 21 – tirsdag – og ut på tur det blir
Det er IKKE sol i dag, men tur uansett, bak ved Gamleeidet og forbi

 

Og for å gjøre turen litt mer interessant, når det føles tungt å gå, plukker jeg noen buketter langs veien

De er ikke i farger – men ganske grå…
Men, flere sammen, så blir det fint uansett


Her er jeg!

 

det berre er slik

 

du tenkjer med deg sjølv; klarte så mykje meir før
du seier det høgt også, til andre….
så bit du det i deg…
og det slår deg;
det er same setninga mor di har sagt så mong ein gong
og du har sagt; at det berre er slik… tida og åra og alderen
det berre er slik

så har du komt dit sjølv altså..
og ser at du ikkje klarar det du gjorde før
alderen
er det det altså
men det kan være så mykje anna i tillegg
veit det
det er berre så rart å smake på same orda du har vore irritert på
“slutt å sei slikt”
“du må då vite kor gamal du er – altså alderen –
det er klart du ikkje klarar som du gjorde ein gong”

og så er du der brått sjølv,
og seier det om deg sjølv

la gå
du klarar mykje uansett
det gjelds å tenkje positivt om det du faktisk klarar
ikkje tenkje på det du ikkje klarar
enkelt å sei
ikkje like enkelt å praktisere
men men….
du er der du er
og du ser og kjenner på kvar grensene går
og dei grensene strammast sakte men sikkert inn…

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
15. august 2024

 

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

mandagsbadet

 

Mandagsbadet i boks!

Kanskje 5-6 plussgrader i sjøen
Glemte slenge uti måleren 🙂


Jepsepepsi!

Godt med alt som er gjort 🙂
Kaldt, friskt og helt herlig!