Du kan ikkje trylle den vekk,
og heller ikkje viske den ut,
angsten.
Du har flotte dagar og lever det gode liv.
Angsten er borte, redsla er vekk.
Ingen tankar eller følelsar av utryggheit.
Ingen kan kome og vippe deg av pinnen.
Ingen kan ta frå deg det gode liv.
Trur du.
Du har ikkje heilt kontroll.
Det kjem smygande.
Tek kvelartak litt om gangen, til du ikkje får puste.
Tankane og angsten.
Det er då du tek tak, grep om dine tankar.
Fokuserar på det som er godt her i livet.
Du har ein jobb å gjere om du vil ut av tanke-helvete.
Og det vil du, og du klarar det, enda ein gong.
Eit steg av gangen, ut av angsten.
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
(repost)
#minedikt #repostminedikt #etdiktomdagen #repost #angsten #tankehelvete
























































































