Får brått panikktankar Det knyter seg i brystet Er på veg i ei ukjent retning Inn i det vanskeligaste? Alderdomen… det sig på Gamal…? Ikkje enno, men..
Det føles brått vanskeligare Det var ikkje det før, vanskelig? Då heile livet låg framom og tankar ikkje dvelte ved framtida Så lenge til! Notida for tiår tilbake var “her og no”-følelsen Bekymringar for framtida låg på andre ting Arbeid, familie, venner, kjærestar, økonomi osv Framtida var ei evigheit til
Sjå på det som noko fint Erfaringane står i kø Tenk på alt vi veit i dag Det vi ikkje visste då, ja det veit vi betre no Bekymringane vi ikkje hadde då, har komt sigande på i dag Gamal – ikkje heilt der enno.. Men følelsen av at noko skjer, er der
Gamal – det er når ein har passert 90? Det er lenge til! Ung til sinns i ein aldrande kropp Vi er der vi er – uansett – på veg Vi kjem etter Det gjeld å ikkje dvele ved det – men stå i det og leve livet Men kva skal det bli av mèg når èg ikkje klarar meir Er det plass då? Er det plass til oss?
Det kjem så brått Styrken berre er som blåst bort Resignasjon og kjensla av vemod Kjenner at tankane vandrar dit dei ikkje skal
Nappar dei opp og skyver dei ut Ein etter ein fell dei frå For er det ein ting å ikkje orke no, så er det å hanke opp enda ein nedtur
Kampen Ta det her og no Akkurat her og no i sekundet Om ikkje…. ja då veit ein ikkje heilt utfallet
Nappe ut ein etter ein, og skyve vekk Jobbe med tankane Være sterk Være modig Være tålmodig
Det går seg til sakte men sikkert Kampen og kampane ligg i hopetal – brikkar som støtter opp fundamentet Sjå opp og fram – ignorer smerte så godt det let seg gjære
Bite tennene saman og smile Smile! Då er halve jobben gjort….
“Gjør oss ferdig med…” men det er vel det vi gjør… Gjør oss ferdig og hopper galant inn i februar med storm og glede 😀
Siste dagene – i går og i dag – og jeg gjør meg ferdig med de – siste turene ute – ei treningsøkt på Aktivsenteret og Årsmøte med koret mitt, Cervix vocales Jepsipepsi!
Sånn… da var det gjort… januar 2023 er nesten historie….
Baksida av medaljen Det er ikkje så mange som har innblikk i den Kanskje like greit det – at det ikkje er allemanseige Den pussast og passast på – både framsida og baksida Kanskje mest framsida? Det er det som er synleg i allefall Kva som pussast på innsida, veit ein mest om sjøl Men ein kan skimte av det i augene