God morgen Norge!
Når noko syng på siste verset
men du klarar ikkje gi slepp
Det går no litt til, tenkjer du
Det hanglar og går
Og vil no sei at det susar og går også
Min gamle laptop frå 2015
Ein flott Lenovo må vite
Eg hugsar det godt,
for det var den sommaren pappa døde, og det var den sommaren eg tok helsefagarbeidar-eksamen, som privatist
I den samanheng, investerte eg i ein god laptop
Det er heile NI år sidan
Tenk at ein laptop varar so lenge då, når mobilane blir skifta ut snart kvart einaste år
Eg er veldig glad i min laptop
Det går ikkje å lukke den igjen, då revnar den frå kvarandre – og kva som har skjedd, veit eg ikkje…. den er vel sliten av all skrivinga mi da…. hehehe
Men den susar
Enn så lenge susar den
Og ja, susinga er ikkje av det lave suset men av det høge slaget
Og det går sååå sakte i svingane
Å laste opp er ei historie for seg sjølv
Men det går…
Når eg slettar unna litt etter kvart, klarar den seg enn so lenge
Ja, investere i ny kan eg kva tid som helst
Men… den går no enno då….
Kanskje er det slik med andre ting og tang også… vanskeleg å gi slepp på
Kanskje ikkje alt mogleg nei, men… nåkre ting held ein på lengre
Dippeduttar varar ikkje evig,
men det er ikkje vits å kjøpe nytt mens det enno funkar, tenkjer eg
Og eg sit no i skrivande stund og tastar på tastane…
So er vi der, midt i august
Om ikkje lenge startar skulane på igjen, monge syng på siste verset med hensyn til feriar og slikt
Og det mørknar stadig tidligare
Det har gått fort
For fort?
Det er vel slik det går, heile tida… men at noko som har vore kjekt har gått alt alt for fort…
Mens det som er mindre kjekt går saktare?
Hmmm….
Ooooobs skulle til å lukke igjen laptoppen….
men det går no ikkje…
då ryk den i allefall
😀
DAGENS BLOGGER:
Plass nr. 59 = Annais
Plass nr. 80 = Kokkengeir
Plass nr. 9 = Matfrabunnenfb
Skogfruen hadde eit så fint innlegg
Vær raus – gi positive tilbakemeldingar til kvarandre
SJÅ kvarandre
Tilbakeblikk til same dato åra før:
15. august 2015 – Skåla opp – med tantejenter og eldste sønn på tur
15. august 2016 – Frå Leira til Kårdalen – i godt lag med fruensvilje/Connie – datert 16. august
15. august 2017 – Morgenturen i bygda
15. august 2018 – Fibro – foredrag i Ålesund
15. august 2019 – Bølgen – mine dikt
15. august 2020 – Rette stien – mine dikt
15. august 2021 – Evigheita – mine dikt
15. august 2022 – Når sola skin – tur til Igesundhetta og Igesundvarden
15. august 2023 – sykkeltur og skolisse
Det er mange tilbakeblikk etter kvart
Rare ting man har gjort der og då, rare ting man har skrevet ned, bilder også…
Jaja tenkjer du… men slik var det
Der og då var det det som gjaldt, også forandrar tida seg og vi med den
Stoltheit over det, uansett, sjølv om noko er rart, så ligg der mykje godt også, i fortida
Stå deg vel der ute
Lag dagen så fin som du bare kan
Vær raus
Og du – tusen takk for at du stakk innom her!