God morgen Norge!
Det blåser ute
Sorte skyer har føket over himmelen
Enda mørkere skyer kom rullende med lyn og torden her om dagen
Enda til hagl kom i den bygen
Sommar-regn, sa eg
Nehei!
Ditte e ikkje sommar-regn!
Med 9 grade!
Sommar-regn e når det e varmt ute!
Men det kunne ha vore slik i mai –
HVIS det hadde komt regn i mai – med sine 20 og 30 varme
Hadde det regna då – då hadde det vore sommar-regn
Men det som var i mai – det var sommar, uten regn
Jaja vi er i juni – og gradestokken sank betraktelig over natta
Det brukar være slik i juni – litt hustrigt og vått
Jonsok-afta/St.Hans – brukar ofte være litt ruskete
Men den kan også være sommar-varm og fin
Det brukar snu ved jonsokke
Det har vore sagt gjennom alle åra
Det brukar snu ved jonsokke
Eg er heldigvis ikkje vèr-sjuk
Eg klarar meg
Jau, om det øsar ned dag ut og dag inn, kan eg nok bli lei av å ta på regn-kle
Men det gjer meg eigentleg ikkje noko
Eg kjem meg over dørstokken okkesom
Også er det no koselig å være inne og
Får gjort slike ting ein ikkje får gjort når det er varmt og fint ute
Ein kjem seg litt frampå igjen, om ein kan seie det slik
Været ja… vi kjem aldri unna været
Dei fleste er opptatt av det
Når det er sommar, ja då SKAL det være sol og varme
Men vi på sunnmøre og vestlandet og nordover, vi tek det litt som det kjem
Vi er ikkje vant med at sommarane er for varme
Heitebølge har vi ikkje mykje av
Men det kan også verte brannfare på disse kantar også
Og akkurat det er ikkje noko særleg
Nei, nok om det
Vi tek det som det kjem
Været kan vi ikkje gjere noko med uansett
DAGENS BLOGGER:
Plass nr. 66 = Friluftsheidi
Plass nr. 87 = Mammasprinsesse
Plass nr. 16 = Solliv
Tilbakeblikk til same dato åra før:
11. juni 2015 – du – glede – mine dikt
11. juni 2017 – før det kjem regn – Hornseten med Leia
11. juni 2018 – fjellet – til Appelsinhaugen og forbi
11. juni 2019 – Laila på besøk og blåsbortdagen
11. juni 2020 – blå blåere blåest
11. juni 2022 – rotarystien på Hareid – riverdance og slikt
11. juni 2023 – for varmt – båttur
Stå deg vel inn i resten av juni-dagane
Grip dagen!